Hopp til innhald
Spelefilm

Jobs

Jobs er ein biografisk spelefilm om avdøde Apple-gründer Steve Jobs (1955 - 2011). Saman med Steve Wozniak etablerte Jobs selskapet Apple Computer i 1976.

Om filmen

Filmen handlar om Apple-eventyret som starta tidleg på 70-talet. Filmen skildrar ein visjonær og kreativ Steve Jobs som til tider kunne vere kynisk, oppfarande og vanskeleg å samarbeide med.

Filmen startar med at Steve Jobs blir klappa inn på scenen under ei intern Apple-samling i 2001. Han er der for å presentere iPoden, Apple si siste teknologiske nyvinning. Vi blir så med tilbake til data-teknologien sin barndom i LA tidleg på 70-talet. Jobs droppar ut av college, og saman med Steve Wozniak byggjer han den første personlege computeren, Apple I. Jobs har forretningsteft og går i gong med å finne nokon som er villige til å investere i prosjektet. Etter at det økonomiske er på plass, blir Apple Computer grunnlagd i 1976, og Apple II blir lansert med stor suksess.

Biografisk spelefilm

Ein biografisk spelefilm er ein film som handlar om livet til verkelege personar. Det er ofte livet til kjende og folkekjære menneske som blir skildra. Jobs er den første biografiske filmen om Steve Jobs.