Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Obey Giant

Obey Giant gir eit unikt innblikk i verda til gatekunsten. Vi får sjå korleis gatekunst kan gå frå den kriminelle undergrunnen til populærkultur og storpolitikk.

Om filmen

Med rullebrett under beina og med røter i pønkrocken gjekk Shepard Fairey frå å hengje opp sjølvlaga klistremerke i heimbyen sin til å bli ein av dei mest kjende og kontroversielle gatekunstnarane og aktivistane på 2000-talet.

Ein av grunnane til kontroversen er den ikoniske HOPE-plakaten hans av Barack Obama. Portrettet som Fairey hadde brukt om att i plakaten sin, var teke av Mannie Garcia, ein fotograf for det amerikanske nyheitsbyrået Assosiated Press (AP).

Nyheitsbyrået meinte Fairey hadde brukt biletet utan lov, og dermed følgde ein enorm juridisk kamp om opphavsretten til biletet og kunstverket. Denne kampen tok mange år og resulterte i over 15 millionar dollar i advokatrekningar. Ironisk nok kom Fairey og Garcia sjølv til einigheit over ein lunsj.

Kunst og politikk

Kunst kan vere ei viktig politisk kraft. Han kan bevege, utfordre, forandre og forklare. Han kan ikkje minst mobilisere. Dette er Obey Giant og HOPE- plakaten eit bevis på. Denne plakaten blei uhyre populær under den amerikanske valkampen, og mange meiner den bidrog til at Barack Obama blei vald til president i USA i 2008.

Første gang Fairey skjøna kva for rolle kunst kan spele politisk, var på ei av dei mange nattlege utfluktene hans i starten av karrieren. For moro skyld hadde han klistra eit portrett av wrestlaren Andre the Giant over hovudet til ein ordførarkandidat som var avbilda på ein av dei store reklameplakatane i heimbyen hans. Stuntet blei eit populært samtaleemne i byen, og mange meiner at dette bidrog til at ordføraren fekk ekstra politisk drahjelp og til slutt vann valet. Fairey hadde inga politisk interesse for ordførarkandidaten, og visste heller ikkje kva ordføraren stod for politisk.

Fairey lærte då at kunst har konsekvensar for omgivnadene og ikkje minst kan setje i verk stor makt. I verste fall kan kunst bidra til å gi utilsikta makt i feil hender. Denne lærdommen resulterte i at Faireys kunst gjekk frå å vere humoristisk til i mykje større grad å bli politisk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon