Norsk kortfilm frå 2012. Manus og regi er ved Lars Klevberg. Rolla som guten i filmen blir tolka av Kristian Smedhaugen.
Handling
Vi er i eit dystopisk og spøkjelsesaktig bylandskap der vi møter ein liten gut som prøver å overleve i ruinane av det som pleidde å vere ein by.
Guten er på den eine sida av ein stor mur. Plutseleg er det nokon som forsøkjer å få kontakt med han frå andre sida av muren.
Om filmen
The Wall blei spelt inn på Grünerløkka i Oslo og hadde berre 160 000 kroner i budsjett.
Filmen hadde premiere under Kortfilmfestivalen i Grimstad i 2012 og fekk heiderleg omtale av juryen ved festivalen.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020