Hopp til innhald

Spelefilm

The Founder

Ray Kroc kjøpte McDonalds for 2,7 millionar dollar i 1961. I dag er McDonalds kanskje verdas mest kjende merkevare. I The Founder kan du lære meir om dei første åra av historia til fastfood-imperiet.

Om filmen

I California har brørne Mac og Dick McDonald starta ein ny type burgarrestaurant, der ein ikkje blir servert maten ved eit bord, men får han når ein betaler i kassa. Hamburgarar, pommes frites og milkshakar blir leverte rett i hendene til gjestane, på løpande band.

Ein seljar frå Illinois, Ray Kroc, blir imponert over det nye hurtigmatsystemet, og han får overtalt brørne til å starte med franchising. Jo fleire Mcdonalds-restaurantar som opnar, jo mindre kontroll får brørne sjølve over selskapet sitt. Ray Kroc tek sakte, men sikkert, over meir og meir av firmaet og endar opp med å kjøpe heile kjeda for 2,7 millionar dollar i 1961.

I dag er McDonalds kanskje verdas mest kjende merkevare, med ein marknadsverdi på over 1000 milliardar norske kroner.

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon