Kortfilm
Brukerstøtte
Det er ikkje alltid lett å vite korleis produkt skal brukast på riktig måte. Ei kvinne får problem med å opne døra, og ringer brukarstøtte for å få hjelp.
Ei kvinne har problem med å få opna døra. Når ho ringjer brukarstøtte, møter ho ein venleg og hjelpsam servicemedarbeider, som gjer sitt beste for å rettleie henne.
Filmen kan sjåast som eit humoristisk skråblikk på ulike utfordringar som vi menneske møter når vi tek i bruk ny teknologi.
Gjennom komikk viser filmen kor krevjande det kan vere for dei som til dagleg jobbar med å hjelpe kundar med denne typen spørsmål.