Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Emojier, et nytt verdensspråk?

Du har heilt sikkert motteke dei, og kanskje også sendt dei sjølv. Kvifor i all verda er vi blitt så avhengige av å bruke desse små grafiske symbola, også kalla emojiar?

Om filmen

Emojiar har på kort tid blitt eit nytt uoffisielt verdsspråk. Dei små grafiske symbola er ikkje bundne av verken eit bestemt språk eller ein bestemt kultur og beskriv som regel universelle kjensler, idear og meiningar.

I dag blir det send meir enn 6 milliardar emojiar i døgnet, og det har dermed blitt den raskast voksande kommunikasjonsmåten i verda. I denne kortfilmen får vi høyre historia om emojiane, og kven som stod bak dei populære biletteikna.

Til glede og irritasjon

Sjølv om nokon framleis nektar å bruke dei, blir emojiane stort sett brukte av alle aldersgrupper, kulturar og innanfor alle språk. I 2015 blei også emojiane innlemma i den akademiske verda, då Oxford Dictionaries i 2015 utnemnte emojien ”ler så eg grin” til ordet av året.

Biletteikn, og spesielt smilefjes, har i dag blitt så vanleg i skriftspråket vårt, at bodskapar kan bli oppfatta som negative dersom ein ikkje sender meldingar med emojiar. Dette trass i at bodskapen i seg sjølv kan vere heilt nøytral, eller til og med positiv.

Enklare kommunikasjon?

Emojiane kan vere med på å hjelpe til med å unngå misforståingar, men dei kan også vere med på å skape misforståingar. Kvar emoji har fått sin unike kode som er offisielt godkjend, men han kan likevel visast ulikt på ulike plattformer.

Emojiar kan også lett tolkast av mottakar på ein heilt annan måte enn avsendar tenkte då han eller ho sende dei. Ta til dømes “folda hender”-emojien. Den blir av dei fleste tolka som å be, trygle eller som eit teikn på takksemd, mens andre kan tolke han som ein “High-five”.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon