Hopp til innhald

Kortfilm

Små, søte kaker

Norsk kortfilm om eit ubehageleg jobbintervju, med Renate Reinsve i hovudrolla. Filmen er regissert av Henry K. Norvalls.

Om filmen

Fotografen Anne skal på jobbintervju for eit eigedomsmeklarfirma. Ho skal møte den potensielle arbeidsgivaren på ein kafé. Ho sit ved eit bord og ventar på han som skal intervjue henne. Ho har kledd seg formelt og er godt førebudd, men verkar nervøs.

Jobbintervjuet resulterer i at Anne får tilbod om jobben. Det er likevel noko ved åtferda til den nye sjefen hennar som gjer at gleda lar vente på seg for Annes del. Han trekker mellom anna fram den gode kjemien mellom dei og skryter av utsjånaden hennar.

Det er skodespelar Renate Reinsve som tolkar rolla som Anne i filmen. Reinsve er mellom anna kjend frå spelefilmen Verdens verste menneske, som vart oscarnominert i kategoriane beste utanlandske film og beste originalmanus i 2022.

Seksuell trakassering

Små, søte kaker gir eit nyansert bilete av korleis seksuell trakassering kan vere vanskeleg å få auge på i kvardagen.

Filmen inviterer til diskusjonar rundt innarbeidde kommunikasjonsmønster, likestilling i arbeidslivet og refleksjon over kva det eigentleg er arbeidsgivaren gjer og seier her som er over streken.

Relatert innhald

Prøv å skrive om ein scene frå kortfilmen "De hensynsløse" slik modernisten Virginia Woolf ville gjort det.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon