Hopp til innhald

Spelefilm

Den perfekte familien (The Joneses)

Då den sjarmerande familien Jones flyttar inn i eit villaområde, legg naboane merke til dei dyre vanane deira. Familien Jones har det nyaste innan mobiltelefonar, golfutstyr, sminke og merkeklede. Det tek ikkje lang tid før naboane byrjar å kopiere stilen til den tilsynelatande perfekte familien.

Om filmen

Steve og Kate Jones verkar som eit perfekt ektepar. Dei er vakre og velkledde, har eit stort herskapshus og pengar til å kjøpe alt dei måtte drøyme om.

Ekteparet blir med ein gong lagt merke til av nysgjerrige naboar då dei flyttar inn i eit velståande villaområde. Dei to tenåringsbarna til paret, som representerer alt som er kult og trendy, blir òg raskt populære på den nye skulen.

Det tek ikkje lang tid før naboar, venner og nye kjenningar byrjar å kjøpe dei same tinga som trendsetjarfamilien.

Profesjonelle påverkarar

Ganske tidleg i filmen kjem det fram at noko ikkje er heilt som det ser ut med familien Jones. Dette er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining beståande av fire profesjonelle påverkarar. Jobben deira er å selje produkt gjennom å verke rike, vakre og vellykka.

Filmen problematiserer ein type skjult marknadsføring der mottakar ikkje forstår at det dreier seg om reklame, men trur det dei ser er livet og vanane til ekte menneske. Det kan trekkjast parallellar mellom tematikken i filmen og korleis såkalla "influensarar" reklamerer for ulike produkt på bloggar og sosiale medium, utan at det alltid er tydeleg for publikum at det dreier seg om reklame.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon