Oppgave
Forbrukaråtferd i filmen Den perfekte familien
No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet forbrukaråtferd å gjere.
- Gjer greie for Maslows behovspyramide, og vurder kva for eit eller kva for nokre behov som er mest framståande i filmen.
- Bruk døme frå filmen, og reflekter over korleis kulturelle, sosiale, personlege og psykologiske faktorar påverkar forbrukaråtferd.
- Gjer greie for kjøpsprosessen for eit sjølvvald produkt i filmen. Bruk dei føresetnadene du meiner er naudsynte for å kunne gjere greie for kjøpsprosessen.
- Vel deg ut eit kjøp du ser i filmen, og gjer greie for kjøpsrollene.
- Ta for deg adopsjonsprosessen som forbrukaren går gjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden, til forbrukaren har akseptert eller forkasta produktet. Forklar adopsjonsprosessen med utgangspunkt i eit sjølvvald døme frå filmen.
- Diffusjonsprosessen handlar om korleis nye produkt spreier seg blant ulike kategoriar brukarar i marknaden. Finn døme frå filmen på dei ulike kategoriane. Er det nokon av kategoriane som det er vanskeleg å finne døme på i filmen?
- I starten av filmen bekymrar «mor» seg for at «far» ikkje er dyktig nok i jobben sin, og ho tek ein samtale med han 33 minutt ut i filmen. Kva handlar denne samtalen om, og kva er det som gjer at salet hans etter kvart blir vesentleg betre?

David Duchovny og Demi Moore i filmen Den perfekte familien. Bilete: Norgesfilm AS, SF Norge / Avgrensa bruksrett
Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa marknadskommunikasjon og segmentering og målgruppeval. Sjå desse relaterte artiklane:
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familienNo skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet marknadskommunikasjon å gjere.
Oppgåver og aktivitetar
Målgrupper i filmen Den perfekte familienNo skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaa segmentering og målgruppeval å gjere.