Kongens tale - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Kongens tale

Den biografiske spelefilmen Kongens tale er regissert av Tom Hooper. På rollelista finn vi skodespelarar som Colin Firth, Geoffrey Rush og Helena Bonham Carter. Filmen tar oss med inn i kulissane til det britiske kongehuset, i tida før andre verdskrigen.

Handling

Den britiske prins Albert, hertug av York og nummer to i arverekkjefølgja, har store problem med stamming. Kongehuset gjer sitt beste for å halde stamminga skjult for offentlegheita.

Korleis skal det gå når Albert skal halde sin første offentlege tale?

Om filmen

Kongens tale blei svært godt mottatt da han hadde premiere, og har hausta ei rekkje filmprisar og nominasjonar.

Han blei nominert til 12, og vann fire, Oscarprisar i 2011. Filmen vann i tillegg sju BAFTA-prisar same år.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019