Hopp til innhald
Spelefilm

Mot naturen

Det er helg. I staden for å vere heime med kona og sonen bestemmer Martin seg for å dra på skogstur. Medan han beveger seg gjennom naturen, kvernar tankane oppe i hovude til Martin.

Om filmen

Det er endeleg helg. Kollegaene til Martin gler seg til å dra ut på byen. Martin har bestemt seg for å ta ein tur åleine i fjellet.

Martin deler sine inste tankar med oss som ser filmen. Nokre av tankane verkar banale og barnslege, mens andre er eksistensielle.

Han er plaga av skuldkjensle og tenkjer på om han bør skilje seg. Han lurer òg på kvifor han ikkje liker å finne på noko med familien. Kanskje han berre skal bli i skogen og aldri kome tilbake?

Regi og manus er ved Ole Giæver, som også tolkar rolla som hovudkarakteren i filmen, Martin.

Relatert innhald