Hopp til innhald

Spelefilm

Kule kidz gråter ikke

Spelefilmen Kule kidz gråter ikke handlar om det vanskelege og alvorlege temaet barn og kreft. Det er òg ein film om venskap og viljestyrke.

Handlinga

Då Anja blir ramma av kreft, er det mykje som forandrar seg. Ho, som alltid har vore så aktiv, orkar ikkje lenger å vere med på like mange aktivitetar som klassekameratane.

Anja mistar ikkje motet på grunn av det. Ho viser ein enorm viljestyrke, sjølv om ho har fått ein alvorleg kreftdiagnose.

Om filmen

Tematisk handlar filmen om alvorleg sjukdom, kjærleik, venskap, mobbing og fotball.

Filmen er basert på den nederlandske bok- og filmsuksessen Achtste Groepers Huilen Niet. Boka er skriven av Jacques Vriens, og vart gitt ut på norsk i 2014.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Helse