Hopp til innhald

Spelefilm

Håp

På vesle julaftan får Anja beskjed om at ho har ein svulst på hjernen som ikkje kan kurerast. Korleis taklar ein ei høgtid med storfamilien når ein nettopp har fått beskjed om at ein berre har tre månader igjen å leve? Denne såre filmen er basert på regissør Maria Sødahls eiga historie.

Om filmen

Lille julaftan får Anja (Andrea Bræin Hovig) beskjed om at fjorårets kurerte lungekreft plutseleg har spreidd seg til hjernen. Svulsten kan ikkje lækjast.

Anja og sambuaren Tomas (Stellan Skarsgård) må derfor førebu seg på ei annleis jul for seg sjølv og dei seks barna sine.

Filmen følgjer paret gjennom jula. Dei sjonglerer familieselskap med å haste frå sjukehus til sjukehus for å få vite meir. Kan Anja opererast – eller er alt håp ute?

Personleg filmforteljing

Håp er regissør Maria Sødahl si eiga historie. Ho fekk sjølv dødsdomen vesle julaftan 2011. Det er minna hennar som har skapt historia om Anja, og korleis ho handterer kaoset rundt det å sjonglere jul, barn, kjærleik og dødsdom om kvarandre.

Filmen gir derfor eit rått og personleg innblikk i korleis det er å få beskjed om at du berre har tre månader igjen å leve, dagen før den største familiehøgtida i året.

Det er òg verd å nemne at helsepersonellet i filmen blir spelt av ekte helsepersonell, og ikkje skodespelarar. Den eine sjukepleiaren i filmen er faktisk spelt av ein sjukepleiar regissør Maria sjølv snakka med då ho fekk dødsdomen i 2011.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Helse