Hopp til innhald

Spelefilm

Å vende tilbake

Ein norsk offiser vender tilbake til familien i Noreg etter å ha tenestegjort i Afghanistan. Han slit med psykiske problem etter alt han har opplevd i krigen, og heimkoma blir ikkje heilt slik dei to sønene hadde håpa.

Om filmen

To gutar ventar på at faren skal komme heim frå Afghanistan. Faren har delteke i dei norske styrkane. Oppdraget i Afghanistan er over og han er no heime for godt.

Kort tid etter at faren har komme tilbake dreg han ut i skogen på jakt. Då han ikkje kjem heim neste dag, byrjar dei to brørne å ane uro.

Dei bestemmer seg for å dra av garde for å leite etter faren på fjellet.

Psykisk helse

Filmen handlar om korleis soldatar og familiane deira blir påverka av krig, og korleis menn evnar å takle mentale lidingar.

Faren vender heim frå krigen med sterke traumatiske opplevingar, men dreg heller ut i naturen for å bearbeide problema enn å snakke om dei.

35 mm og lågbudsjett

Å vende tilbake er ein utradisjonell film på fleire måtar. Filmen er spelt inn på lågbudsjett, og sjølve filminga blei gjort på 16 dagar.

Bror til regissøren, Oskar Dahlsbakken, nytta eit gammaldags kamera med 35 mm film då han filma Å vende tilbake. Takingane er lange og stillferdige, og biletspråket er prega av visuelt storslåtte naturbilete.

Regissøren Henrik Martin Dahlsbakken var berre 25 år då han laga filmen, og han har ikkje tradisjonell filmutdanning. Filmen var ein av tre spelefilmar på den norske Oscar-kortlista i 2015.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Helse