Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mobbing i filmen IRL

Filmen IRL handlar om mobbing, og om kor viktig det er at vaksne skjønar kva som går føre seg. I desse oppgåvene skal du jobbe med mobbing og krenkjande åtferd, førebyggjande tiltak og aktivitetsplan.

Sjå først filmen IRL før du startar å jobbe med oppgåvene.

1. Mobbing og krenkjande åtferd

  1. Kva blir meint med mobbing og krenkjande åtferd?

  2. Kva døme på mobbing og krenkjande åtferd finn du i filmen?

  3. På kva måte kunne dei vaksne i filmen ha fanga opp at Elias har det vanskeleg?

2. Førebyggjande tiltak

  1. Førebyggjande tiltak er viktig når ein skal løyse konfliktar og forhindre mobbing og krenkjande åtferd blant barn og unge. Gi døme på førebyggjande tiltak?

  2. Kva for nokre førebyggjande tiltak burde vore sett i verk på skulen til Elias?

3. Aktivitetsplan

  1. Kva er ein aktivitetsplan?

  2. I kva situasjonar er det nødvendig å utarbeide ein aktivitetsplan?

  3. Lag eit forslag til aktivitetsplan for Elias.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Helse