Sinna mann
Sinna mann handlar om korleis det er for eit barn å vekse opp i ein familie med vald og utryggleik, eit tema som er trist og som kan vere vanskeleg å snakke om. Filmen viser at sjølv om det ser mørkt ut, så kan det vere hjelp å få.
Boj bur saman med mora og faren sin. Nokre gonger forandrar faren seg fullstendig. Han blir eit rasande monster som slår mammaa til Boj. Når han først har blitt sint, så klarer han ikkje å stoppe, men etterpå angrar faren på oppførselen sin.
Boj er livredd og bekymra for at alt saman kanskje er hans feil. Er pappa sint fordi Boj ikkje er snill nok? Til slutt bestemmer han seg for å sende eit brev til sjølvaste kongen:
Kjære Kongen!
Pappa slår. Er det mi skuld?
Hilsen Boj.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal du sjå nærare på karakterutvikling og bruk av visuelle og auditive virkemiddel i teiknefilmen Sinna mann.
I filmen Sinna Mann møter vi Boj som trur det er skulda hans at pappaen hans slår mammaen hans.