Når jeg faller - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Spillefilm

Når jeg faller

Joachim jobbar som kokk. Han balanserer tilværet mellom å jobbe og å ruse seg. Han har ein son han ikkje har sett på åtte år. Når ekskjærasten Maria hamnar i fengsel, er det han som må ta seg av guten.

Handling

Ein dag får Joachim beskjed om at ekskjærasten Maria har hamna i fengsel. Politiet har funne store mengder narkotika i leilegheita hennar. Maria insisterer på at Joachim skal ta seg av den felles sonen deira, Lukas.

Det er berre eitt problem. Joachim er avhengig av heroin. Han hentar guten på skulen og tek han med heim til hytta der han bur. Etter nokre dagar bestemmer han seg for å ta opp kampen mot avhengigheita. Han vil bli rusfri, slik at han klarer å ta vare på sonen.

Om filmen

Når jeg faller hadde kinopremiere 21. september 2018. Filmen er laga av mastergradstudentar ved Den norske filmskolen på Lillehammer same året. Manus er ved Magnus Meyer Arnesen og Kristian Landmark. Det er Magnus Meyer Arnesen som har regissert filmen.

I hovudrolla som Joachim finn vi Preben Hodneland. Rolla som Maria blir tolka av Alexandra Gjerpen. Ho er blant anna kjend som Alex i NRK-serien Unge lovende.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019