Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon i filmen De urørlige

Filmen De urørlege handlar om relasjonen mellom Philippe og pleieassistenten Driss. Her er oppgåver til filmen om kommunikasjon, respekt og profesjonell yrkesutøving.

1. Kommunikasjon og tillit

  1. Kva meiner vi med kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter?

  2. Beskriv korleis pleieassistenten Driss kommuniserer med Phillipe.

  3. På kva måte kan gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter skape tryggleik og tillit i arbeid med brukarar og pasientar?

  4. Nemn døme på gode relasjonsferdigheiter i filmen.

2. Menneskeverd og respekt

  1. Forklar orda empati og endringsvilje.

  2. Drøft denne påstanden: Driss er ikkje eigna i jobben som pleieassistent, men arbeidsforholdet fungerer fordi han respekterer Phillipe.

  3. Reflekter over korleis du ville oppført deg som helsefagarbeidar i desse situasjonane henta frå filmen. Kva ville du gjort likt, og kva ville du gjort annleis? Grunngi svaret.

    1. Scene 1

    2. Scene 2

3. Profesjonell yrkesutøving

Driss er uerfaren i jobben som pleieassistent. I filmen er det mellom anna scener der Driss rusar seg, og han tilbyr òg narkotika til Phillipe. Dette er ikkje i høve verken til profesjonell yrkesutøving eller lovverk.

  1. Kva er meint med profesjonell yrkesutøving?

  2. Finn du døme der det blir utøvd profesjonell yrkesutøving i filmen? Utdjup svaret og beskriv kva som skjer i desse scenene.

Relatert innhald

Oscarnominert fransk film om venskap, håp og om å overleve ei alvorleg ulykke.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021

Læringsressursar

Helse