Hopp til innhald

Spelefilm

Meg eier ingen

I Meg eier ingen følgjer vi Lisa gjennom hennar strabasiøse oppvekst saman med sin stadig meir alkoholiserte far, Hasse. Forholdet deira er rikt på kjærleik og omsorg, men dei lir begge under faren si rusavhengigheit.

Sverige på 70-talet

Det meste av handlinga i filmen er lagt til Sverige på 70-talet, der Lisa og faren lever saman i ei lita blokkleilegheit i eit arbeidarklassestrøk. Faren, som prøver så godt han kan å passe fabrikkjobben sin, drøymer om at arbeidarklassen ein gong skal få sin revolusjon. Det Lisa ønskjer, er at biletet hennar av faren som heltefigur ikkje skal rakne fullstendig.

Karakterane

Vi følgjer hovudpersonen Lisa i tre ulike livsstadium, når ho er fem, elleve og tjuefem år gamal. Kven ein i størst grad opplever som hovudperson i filmen, Lisa eller Hasse, vil kunne variere i løpet av filmen. Det kan leggjast til at Mikael Persbrandt, i rolla som Hasse, gjer ei glitrande rolletolking. Persbrandt er også kjent frå blant anna seriane Hamilton og Beck, og han spelte i dei to siste filmane i Hobbiten-trilogien. Regissør Kjell-Åke Andersson har tidlegare stått bak produksjonar som Juleoriatoriet, Familiehemmeligheter og Min store tjukke far.

Frå bok til film

Meg eier ingen er basert på svenske Åsa Linderborg sin sjølvbiografiske suksessroman frå 2007. Her deler ho historia om sin frustrasjonsfylte, men varme oppvekst saman med den alkoholiserte, samfunnsraljerande og hardtarbeidande faren, fortalt gjennom karakterane Lisa og Hasse.

CC BY-SASkrive av Per Olav Heimstad og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Helse