Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ut i skogen og opp i trea?

Har du vore på fjelltur i det siste, sove i hengjekøye i skogen eller laga gourmetmat på bål? Då er du ikkje den einaste, skal vi tru aviser og sosiale medium. Å vere ute i naturen har blitt ein trend. Er vi på veg inn i ein ny romantikk? Utforsk temaet!
Ei hengjekøye og to par sko med utsikt til Halsnøy, Sæbøvik og Klosterfjorden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Del 1

  1. Kva forhold har du til naturen? Skriv ned nokre stikkord og/eller snakk med ein medelev.

  2. Kva hugsar du frå romantikken (1790–1850)? Kva rolle spelte naturen i denne perioden? Skriv ned så mange stikkord du kan.

  3. Korleis måla norske målarar naturen i perioden vi kallar nasjonalromantikken (1840–1870)? Forklar kort og gjerne med eit døme.

Del 2

Les dei to tekstane og svar på spørsmåla under:

  1. Kva handlar teksten om?

  2. Kva for positivt lada ord bruker dei om naturen? Lag ei liste.

  3. Kva viser bileta?

Del 3

Samanlikn det du skreiv ned i del 1 med del 2. Kva likskapar og forskjellar finn du i forholdet til mennesket og syn på naturen?

Oppgåve 2

I spelefilmen Mot naturen møter du Martin, ein familiefar i 30-åra som dreg på tur i fjellet for å sleppe unna kvardagslivet. Hjelper det å dra ut i naturen? Sjå filmen og svar på spørsmåla under:

  1. Kva inntrykk får du av Martin i starten av filmen? Endrar inntrykket seg i løpet av filmen?

  2. Korleis blir Martins kvardagsliv framstilt?

  3. I filmen får du tankane til Martin – heilt ufiltrert – og somme tankar og scener kan kjennast litt pinlege. Kva funksjon har dette i historia?

  4. Kva problem er det tankane hans dreier seg rundt når han spring rundt i fjellet?

  5. Korleis opplever du forholdet Martin har til naturen og det naturlege?

  6. Kva funksjon har naturen i filmen?

  7. Korleis tolkar du slutten av filmen? Kvifor grev han seg ned?

Oppgåve 3

Skriv ein fagartikkel eller eit essay der tittelen er "Naturen og mennesket – før og no".

I teksten din skal du bruke kunnskap om romantikken og vise til tekstar frå perioden. I tillegg skal du trekkje linjer til korleis forholdet mellom naturen og mennesket blir uttrykt i tekstar i dag. Du kan velje om du vil bruke tekstane frå oppgåve 1 og 2, eller om du vil bruke andre tekstar.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket