Oppgåve
Augeblinkens diktar: Henrik Wergeland
Diktet "Meg selv" av Henrik Wergeland blei skriven i sinne. Wergeland hadde blitt skulda for å vere i dårleg humør, og diktet er svaret på skuldinga. Men i tillegg er det òg ein tekst som viser forholdet diktaren har til naturen.
Henrik Wergeland var ein hissig fyr, og han hamna stadig i kranglar og diskusjonar med folk – både i lystige lag på byen og i offentlege debattar i avisene. Etter at avisa Morgenbladet skulda han for å vere i dårleg humør – "i slett lune" – skreiv han i affekt diktet " Meg selv ".
I diktet hevdar han at slike angrep mot han som person ikkje rammar han fordi han har så mykje anna og større å glede seg over, nemleg alle opplevingane naturen gir han. Diktet er eit godt døme på korleis Wergeland skreiv i augeblinken, og på evna hans til å skape nye språklege bilete.
Les diktet "Meg selv" og jobb med spørsmåla:
- Beskriv forma på diktet. Peik på trekk som gir inntrykk av at teksten er noko som er skrive ned spontant og utan mykje planlegging eller tilarbeiding.
- Kva betyr naturen og naturopplevingar for det lyriske eg-et? Finn minst tre døme i diktet, og forklar dei.
- "Klag ikke under stjernene over mangel på lyse punkter i ditt liv." er ei setning frå dette diktet som vert mykje sitert. Forklar kva diktaren vil seie med dette biletet.
Les om Henrik Wergeland og romantikken.
- På kva måte er diktet typisk for "augeblinkens diktar" Wergeland?
- Peik på romantiske trekk ved dette diktet.