Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Et monster på mitt kjøkken"

"Årets kanskje viktigaste kortfilm", skreiv Greenpeace om "Et monster på mitt kjøkken" i 2020. Her skal de utforske og vurdere både den retoriske situasjonen og verkemidla i filmen. Til slutt skal de diskutere om filmen bidreg til klimaengasjement eller klimaangst.
Mykje røyk stig opp frå ein brennande regnskog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva veit de om regnskogen?

Før vi skal sjå kortfilmen om regnskogen, kan det vere lurt å setje seg godt inn i kvifor denne er så viktig i miljøspørsmål. Derfor skal de først finne ut kor mykje de kan om emnet frå før. Etterpå skal de lese dykk opp på dei punkta de treng å lære meir om.

Gå saman i grupper og diskuter:

  1. Kva er regnskogen?
  2. Kvifor er regnskogen så viktig for miljøet vårt?
  3. Kvifor er regnskogen så viktig for dyrelivet?
  4. Noreg har betalt millionar av kroner i regnskogtøtte til Brasil. Men i 2019 bestemde den norske regjeringa seg for å halde denne tilbake. Veit de kvifor? (stikkord: Bolsonaro)
  5. Regnskogen er trua av menneske som kuttar ned skogane. Dette skjer særleg i Brasil. Kva kan vere årsaka til dette?

Jobb aleine:

Var det nokon av spørsmåla over det var vanskeleg å svare på? Prøv å finne svara. Til dømes kan du lese meir om regnskogen på heimesida til regjeringa: Regnskogen – eit av dei største karbonlagera i verda.

Del 2: "Et monster på mitt kjøkken"

I 2020 gav miljøorganisasjonen Greenpeace ut kampanjefilmen "Et monster på mitt kjøkken". Om filmen skriv dei:

Hvem er monsteret? Sammen med en jaget jaguar utforsker et lite barn hvordan industriell kjøttproduksjon er med på å rasere regnskogen i Amazonas. Se årets kanskje viktigste kortfilm “Et monster på mitt kjøkken”. (Greenpeace.no, 2020)

Sjå filmen frå Greenpeace her:

Jobb først aleine:

Skriv ned den første reaksjonen din på filmen. Til dømes:

  1. Kva kjensler kjende du på undervegs i filmen?
  2. Forandra kjenslene dine seg undervegs?
  3. Kva tenkte du om menneska du såg i filmen?
  4. Og kva med dyra?

I grupper:

Samanlikn svara dykkar og diskuter kva moment ved filmen som gjorde at de svarte som de gjorde. Sjå gjerne filmen ein gong til.

Diskuter i plenum:

  1. Reagerte alle i klassen likt på filmen?
  2. Kva verkemiddel blir brukte i filmen? Kva funksjon har dei?
  3. Vil de seie at det blir mest brukt patos, etos eller logos i filmen? Grunngi.
  4. Kva er bodskapen i filmen?
  5. Meiner de dette er ein vellykka kampanje frå Greenpeace? Grunngi.

Del 3: Gjer greie for den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i. Dette kan du gjere ved å sjå på det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Gå saman i grupper og diskuter den retoriske situasjonen. Bruk punkta under i diskusjonen. Ein i gruppa noterer viktige moment.

  • Kva er det påtrengande problemet? Altså – vurder kva som er problemet som har ført til at Greenpeace har laga denne filmen.
  • Kven er det retoriske publikummet? Det vil seie – kven er det Greenpeace vender seg til og prøver å påverke, når dei prøver å løyse det påtrengjande problemet?
  • Kva er dei tvingande omstenda? Kva omstende må Greenpeace ta omsyn til når dei prøver å overtyde? Kva moglegheiter og avgrensingar har dei?

Del 4: Klimaangst eller klimaengasjement?

Korleis skal vi formidle klimakrisa til barn og unge? Dette er eit spørsmål som har blitt diskutert i både media og på skulen dei siste åra. Barn og ungdom må sjølvsagt bli opplyst. Samtidig har ekspertar peika på at unge kan utvikle angst på grunn av redselen for klimakrisa.

Sjå debatten om klimaangst på NRK Debatten

Diskuter i klassen:

  1. Er de einige eller ueinige i noko av det som blei sagt i Debatten?
  2. Har de klimaangst? Er det i så fall noko de tør å snakke med andre om?
  3. Synest de kortfilmen "Et monster i mitt kjøkken" lykkast med å formidle klimaproblem på ein vellykka måte? I så fall – kvifor (ikkje)?

Relatert innhald

Les tekstar med ulike syn på menneska sin plass i naturen og reflekter over kva slags konsekvensar dei ulike ståstadene kan ha.

Korleis framstiller J.S. Welhaven og ein kortfilm frå Greenpeace forholdet mellom mennesket og naturen?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket