Mennesket – eit monster? - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Mennesket – eit monster?

Korleis framstiller ein kortfilm frå Greenpeace og eit dikt av Johan Sebastian Welhaven forholdet mellom mennesket og dyr?

Del 1: Korleis behandlar vi dyra våre?

Diskuter desse påstandane i klassen:

  • Menneske er meir verdifulle enn dyr.
  • Vi menneske behandlar dyr på ein forferdeleg måte.

Del 2: Kva meiner ein historikar?

Sjå den korte reklamen for teikneserieutgåva av Sapiens, skriven av den verdskjende historikaren og forfattaren Yuval Noah Harari, under. Korleis synest de han framstiller mennesket?

'Sapiens: A Graphic History' - Official Trailer (YouTube)

Del 3: Greenpeace om åtferda til mennesket

Sjå kortfilmen "Et monster på mitt kjøkken" av Greenpeace. Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kva er bodskapen i filmen?
  2. Kva verkemiddel bruker filmen for å formidle bodskapen sin?
  3. Korleis bruker Greenpeace orda "monster" for å vise korleis dyr blir behandla av oss menneske?
  4. Synest de Greenpeace når fram med bodskapen sin på ein effektiv måte? Grunngi svaret dykkar.
Video: Greenpeace / Avgrensa bruksrett

Del 4: Eit dikt av Welhaven

I 1836 skreiv Johan Sebastian Welhaven diktet "Søfuglen". Kva er det han vil formidle med denne teksten? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper. De jobbar etappevis der første oppgåve går ut på at alle i gruppa skal forstå motivet i diktet, deretter skal de gå inn i tematikken.

  1. Første delmål er at alle skal forstå motivet i diktet, altså kva som skjer. Les diktet mange gonger, diskuter vanskelege ord og innhaldet, slik at de er sikre på at alle i gruppa har forstått innhaldet.
  2. Kva meiner de er temaet i teksten? Altså – kva vil Welhaven formidle med diktet sitt?
  3. Korleis synest de "søfuglen" blir beskriven i diktet? Og korleis bidreg ordvalet i diktet til denne skildringa av fuglen? Peik på døme.
  4. Korleis blir mennesket, her representert gjennom "En Jæger", framstilt?

Søfuglen

En Vildand svømmer stille
Ved Øens høie Kyst;
De klare Bølger spille
Omkring dens rene Bryst.

En Jæger gaar og bøier
Sig i den steile Ur,
Og skyder saa for
Det smukke .

Og Fuglen kan ei drage
Til Redens lune ,
Og Fuglen vil ei klage
Sin Smerte og sin Nød.

Og derfor taus den dukker
Dybt i den mørke Fjord,
Og Bølgen kold sig lukker,
Og sletter ud dens Spor.

I Søens dybe Grunde
Gror Tangen bred og frisk;
Derunder vil den blunde, -
Der bor den stumme Fisk.

(J.S. Welhaven, 1836)

Del 5: Tekst i kontekst

Er synet på forholdet mennesket har til naturen i tekstane typisk for si tid? Finn ut korleis dei romantiske diktarane og dagens tekstar tek for seg temaet mennesket og naturen ved å lese artikkelen som er vedlagt.

Relatert innhald

Fagstoff
Tekstar om naturen og mennesket

Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.

Del 6: Samanlikn dikt og kortfilm

Korleis blir eigentleg forholdet mellom mennesket og dyra framstilt i kortfilmen "Et monster på mitt kjøkken" og diktet "Søfuglen"? No skal de samanlikne tekstane ved å peike på både likskapar og forskjellar.

Jobb i grupper:

  1. Lag ei oversikt sjølv, eller skriv inn i ressursen under.
  2. Byt oversikt med ei anna gruppe i klassen og samanlikn svara dykkar.

Alternativt:

Lag ei oversikt som liknar den under. Send ho rundt i klassen, slik at alle får skrive inn eitt moment. Gå gjennom oversikta i plenum til slutt.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
"Et monster på mitt kjøkken"

Diskuter kva påverknadskraft ein kortfilm frå Greenpeace har. Og skaper det klima-engasjement eller klimaangst?

Oppgåver og aktivitetar
Er mennesket verdt meir enn dyr?

Les tekstar med ulike syn på menneska sin plass i naturen og reflekter over kva slags konsekvensar dei ulike ståstadene kan ha.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020