Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

To tekstar som lokkar deg ut i naturen

Korleis prøver ein biologiprofessor og ein romantisk diktar å lokke deg ut i naturen?
Skogsveg i haustfargar og lett tåkedis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal no utforske to tekstar i ulike sjangrar: Ein artikkel skriven av biologiprofessor Anne Sverdrup-Thygeson og eit romantisk dikt frå 1798 skrive av den engelske poeten William Wordsworth.

Men før vi set i gong med tekstane, er det interessant å finne ut av kva haldningar de i klassen har til naturen.

Del 1: Er du eit sivilisasjonsmenneske eller eit naturmenneske?

Korleis bruker du eigentleg tida di i løpet av ein vanleg dag? Er du ein av dei som aktivt søker naturen og trivst best der, eller har du dei beste stundene dine saman med andre på kafé eller framfor pc-en?

A) Lag ei personleg oversikt

Dette skal du finne ut av ved at alle i klassen lagar kvar si oversikt over kva dei gjer i løpet av ein dag. Til dømes kan de lage eit kakediagram. Det kan vere de bør lage to: eitt for kvardagar og eitt for helger.

Inne i oversikta bør de ha med alle element de bruker tid på i løpet av ein dag. Nokre døme kan vere:

  • soving
  • skule
  • lekser
  • trening (på treningsstudio, i idrettshall eller ute i naturen?)
  • Netflix
  • gaming

  • surfing på mobilen
  • vere med vener
  • vere med familien
  • vere ute i naturen
  • anna

B) Samanlikn i grupper

Er de sivilisasjons- eller naturmenneske? Eit naturmenneske bruker mykje tid i naturen, oppsøker han fordi han er viktig for vedkommande og slappar aller mest av ute i naturen. Det er slett ikkje sikkert samvær med andre menneske er det viktigaste i livet for naturmenneska.

For sivilisasjonsmennesket er ikkje naturen viktig. I staden blir andre menneske, teknologi, kultur og underhaldning prioriterte område.

  1. Kva er de? Vis kvarandre oversiktene over dagen dykkar og finn ut kva de bruker tida på.
  2. Er det noko de kunne ønske såg annleis ut på oversikta dykkar? Noko de skulle ønske de brukte mindre tid på, og noko de skulle ønske de brukte meir tid på? Kvifor?

C) Samanlikn i plenum:

  1. Gå gjennom resultata i klassen. Er det flest sivilisasjons- eller naturmenneske? Kva går igjen av ting de har lyst til å gjere meir eller mindre av?
  2. Sjå på dei to påstandane under. Kva for ein av dei er de mest einige i? Kvifor? Diskuter i plenum:
    • Naturen er kjedeleg og meiningslaus.
    • Å vere ute i naturen er lykke!

Del 2: Kvifor vere inne når alt håp er ute?

I 2020 gav professor i bevaringsbiologi, Anne Sverdrup-Thygeson, ut boka På skuldrene til naturen: Hvordan ti millioner arter redder livet ditt. Boka handlar om kor viktig naturen er for oss menneske. Ho fortel dessutan mange fantastiske historier om eigenskapar til ulike artar – eigenskapar som kan bidra til at vi unngår klimakatastrofar – og som kan brukast som medisin for menneske.

Relatert innhald

Innhaldet i teksten

  1. Les utdraget "Hvorfor være inne når alt håp er ute?".
  2. Gå saman i par. Prøv å formulere skriftleg det de meiner er hovudsynet i teksten.
  3. Teksten kan delast i tre. Prøv å finne denne tredelinga i teksten:

    1. innføring i problemet
    2. argument for hovudsynet
    3. konklusjon
  4. Skriv ned alle argumenta Thygeson bruker for å fremje hovudsynet sitt.

Argumentasjonen i teksten

Gå saman i grupper på fire. No skal de først få kvar dykkar deloppgåve, deretter skal de samarbeide og diskutere:

  1. Del teksten i fire: Ein tek den delen som er "innføring i problemet". Ein tek første del av "argumenta" i teksten, ein tek andre del av "argumenta", medan sistemann tek "konklusjonen". Gå gjennom den delen de har fått utdelt og analyser argumentasjonen. Bruk fagomgrep som etos, patos, logos, informativt språk, metaforar og så vidare.
  2. Fortel kvarandre korleis de har analysert teksten. Hugs å bruke fagomgrep.
  3. Skriv ein konklusjon i gruppa: Korleis prøver Anne Sverdup-Thygeson å overtyde dykk om å vere meir ute i naturen?

Lykkast Anne Sverdrup-Thygeson?

Diskuter i plenum:

  • Meiner de at Anne Sverdrup-Thygeson lykkast med å formidle bodskapen sin? Kvifor (ikkje)?

Del 3: Eit romantisk dikt prøver å overtyde

I 1798 gav den engelske romantikaren William Wordsworth ut diktet "Naturen er din mester". Akkurat som Anne Sverdrup-Thygeson åtvarar Wordsworth mot innelivet og vil lokke deg ut i naturen. Les diktet på Nasjonalbiblioteket.

Det eignar seg godt for høgtlesing. Kanskje kan de byte på å lese ei og ei strofe?

Tekstens innhold

  1. Karakteriser stemma i diktet: Kva vil denne? Kven kan det vere stemma snakkar til?
  2. Kva er det stemma åtvarar mot?
  3. Korleis vil du seie tonen i teksten er? Dyster, komisk, lystig? Noko anna?
  4. Kvifor meiner stemma i diktet at venen bør kome seg ut i naturen?
  5. Vi kan seie at diktet handlar om to typar utdanning. Korleis? Bruk to sitat frå dikta for å grunngi.

"Argumentasjonen" i teksten

Vi pleier ikkje å bruke ordet "argumentasjon" om dikt. Dette ordet er gjerne reservert for sakprosatekstar. Likevel skal de no finne ut av korleis det lyriske eget i diktet prøver å overtyde den det vender seg til, om å gå ut i naturen:

  1. Strek under verselinjer der du synest eget prøver å overtyde om at naturen er den beste staden å vere.
  2. Finn besjelingane som blir brukte om naturen og naturelement i diktet. Kva funksjon har desse?

Del 4: Tekst i kontekst

Det som er interessant med dei to tekstane, er at dei har den same bodskapen, men blei gitte ut med over 200 års mellomrom. No skal de utforske kva tankar og føresetnader som ligg bak dei to tekstane. Gjer oppgåvene under i par eller grupper:

Romantikken sitt syn på mennesket og naturen

  1. Sjå videoen om romantikken under. Ikkje alt i denne er relevant for diktet til Wordsworth, men medan du ser videoen, skal du notere ned alle moment ved den romantiske retninga som de ser igjen i Wordsworth sitt dikt.

  2. Diskuter i plenum:
    • Korleis synest de diktet til Wordsworth er typisk for den romantiske epoken? Vis til sitat i teksten.

    • Korleis synest de Wordsworth framstiller forholdet mennesket har til naturen og sivilisasjonen?

Dagens syn på mennesket og naturen

Kva meiner de er konteksten for Anne Sverdrup-Thygeson sin tekst? Vurder:

  1. Kva kan vere årsaka til at ein professor i biologi gir ut ei bok der ho ønsker å lære folk om viktigheita av naturen og oppmodar oss til å vere meir ute?
  2. Det påtrengjande problemet: Kva "problem" ønsker Anne Sverdrup-Thygeson å løyse ved å skrive teksten?
  3. Kven er det retoriske publikummet? Altså: Kven vender Anne Sverdrup-Thygeson seg til?
  4. Kva er dei tvingande omstenda? Det vil seie: Kva moglegheiter og avgrensingar er det Anne Sverdup-Thygeson må ta omsyn til?

Samanlikn tekst i kontekst

Kva likskapar og forskjellar meiner de det er mellom konteksten til dei to tekstane? Lag ei oversikt der de får fram både det som kan vere likt og det som kan vere ulikt som bakgrunn for dei to tekstane.

Del 5: Aktualiser diktet

Diktet "Naturen er din mester" har kanskje eit tema som kan seiast å vere aktuelt i dag?

Men om eit naturmenneske skulle vende seg til eit sivilisasjonmenneske på 2000-talet og be det rive seg laus og bli med ut i naturen, så er det kanskje andre ting enn bøker som må leggast vekk?

  1. Erstatt alle verselinjene som handlar om bøker med noko du meiner er meir relevant for 2000-talsmennesket. (Mobil? Snapchat?)
  2. Les den moderne versjonen av diktet de har laga høgt for kvarandre i grupper.

Relatert innhald

Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket