Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tre åtvaringar mot å tukle med naturen

Korleis åtvarar ein gresk myte, ei skrekkhistorie frå 1800-talet og ein moderne roman, mennesket mot å tukle med naturen?

Del 1: Ei innføring i kunstig intelligens

A. Newton om kunstig intelligens

Sjå programmet om kunstig intelligens frå Newton. Noter ned svar på desse tre spørsmåla medan du ser:

  • Kva for fordelar har kunstig intelligens?
  • Kva for ulemper har kunstig intelligens?
  • Kvifor fryktar enkelte utviklinga av kunstig intelligens?

Del 2: Ei åtvaring frå den greske mytologien: Prometeus

Første litterære åtvaring til mennesket om å ikkje tukle med naturen kjem i form av ein myte frå den greske mytologien. Det er myten om Prometeus, og korleis han bidrog til å gi mennesket eld.

Du skal bruke internett som kjelde:

A. Finn ut

  • kva den greske myten om Prometeus fortel om korleis menneska fekk elden
  • kva konsekvensar Prometeus' handlingar fekk for menneska
  • kva som kan vere moralen i myten

B. Fortel att myten

Lag ei kort attforteljing av myten om Prometeus. Bruk dei tre bileta under i attforteljinga.

Del 3: Ei åtvaring frå 1800-talet: Frankenstein

A. Bakgrunn

Mary Shelley's Frankenstein har blitt legendarisk. I teksten "Kunstig intelligens er et Frankensteins monster for vår tid" på NRK reflekterer Siss Vik over aktualiteten til romanen frå 1818.

Svar på desse spørsmåla etter at du har lese teksten:

  • Kva meiner du er bodskapen i teksten til Siss Vik?
  • Kva likskapar mellom moderne teknologi og temaet i romanen Frankenstein peiker Vik på?

B. Introduksjon til teksten

Romanen Frankenstein blir fortald i retroperspektiv. Det vil seie at forteljaren, doktor Frankenstein sjølv, ser tilbake og fortel om skapinga av "monsteret" etter at det har vakna til live. Like før lesaren får høyre om korleis Frankenstein gav monsteret liv, vender Frankenstein seg direkte til oss og seier:

Lær av meg, om ikke av mine formaninger, så i hvert fall av mitt eksempel, hvor farlig det er å erverve seg kunnskaper på dette feltet, og hvor mye lykkeligere den mann er som tror at hans fødeby er hele verden, enn den som har stilt seg det mål å bli større enn hans natur vil tillate. (Frankenstein, s. 55)

  • Korleis tolkar de dette sitatet? Diskuter i grupper.

C. Les utdrag og forstå teksten

No skal du lese eit utdrag frå den kjende romanen. Les side 52–61 av omsetjinga frå 1976 på Nasjonalbiblioteket.

Sidene handlar om korleis doktor Frankenstein lar seg inspirere til å lage nytt liv, og kva som skjer like etter at vesenet hans vaknar til live. Les sidene og svar skriftleg:

  • Korleis jobbar Frankenstein for å knekke koden med å blåse "liv inn i livlaus materie"? (s. 54)
  • Kvifor vil ikkje Frankenstein dele hemmelegheita om korleis han skapte kunstig liv med lesarane sine?
  • På s. 56 fortel Frankenstein om korleis han ser for seg framtida si etter å ha skapt kunstig liv. Kvifor meiner han at han vil bli hylla?
  • Mot slutten av kapitlet moraliserer forteljaren, altså Frankenstein, som fortel frå ein ståstad etter at han laga kunstig liv. Kva er dommen hans over sin eigen kraftige iver etter å skape kunstig liv?

D. Diskuter bodskapen

Diskuter i grupper:

  • Korleis kan vi lese den skremmande historia som ei åtvaring til menneska mot å tukle med naturen?
  • Romanen har undertittel "A modern Prometheus". Kva kan vere årsaka til det?

Del 4: Ei åtvaring frå 2019: Vi er fem

Ein av dei mest omtalte romanane frå 2019 var Matias Faldbakkens Vi er fem. Romanen handlar om Tormod, ein handverkar med teknologiske evner som overgår dei fleste. I rein keisemd og på jakt etter ein femte familiemedlem, som kan fylle tomrommet etter den døde hunden Snusken, gir han liv til ein leirklump.

A. Kva seier forfattaren om eiga bok?

Sjå dei tre første minutta av utdelinga av romanprisen for P2-lyttarane på NRK.

  • Forfattaren seier at han er imponert over jurydiskusjonen. Kva er det han særleg trekker fram som eit godt poeng?

B. Forstå og diskuter teksten

Sjå vidare frå 17:40–23:50. Radioteateret dramatiserer her scenen når Tormod og kameraten hans Espen gir liv til leirklumpen.

  • Kva er det som driv Tormod og Espen til å skape liv i klumpen?

Korleis går det vidare med leirklumpen etter at han har fått liv? Les utdrag 2 i utdraga frå Vi er fem (under).

  • Korleis viser utdrag 2 at Tormod har mista kontroll over livet han har skapt?

Relatert innhald

Del 5: Samanlikn tekstane

Sitt saman i grupper. Diskuter dei tre tekstane. De skal sjå på både likskapar, forskjellar og bodskap. Ein i gruppa skal notere ned viktige poeng frå samtalen i skjemaet under:

Del 6: Vi er fem – Ei åtvaring til kommande ingeniørar?

Trond Markussen, president i NITO (Noregs største organisasjon for ingeniørar og teknologar), har lese romanen Vi er fem. Les innlegget "Kunstig intelligens: Er vi bevisste nok på hva vi skaper?"

  • Korleis tolkar Markussen romanen?
  • Kva er bodskapen i innlegget hans?
  • Korleis bruker Rasmussen romanen til å få fram bodskapen sin?

Del 7: Podkast om teknologi, natur og litteratur

No har de både sett dykk godt inn i temaet kunstig intelligens og lese litteratur som viser skeptiske haldningar til at menneske grip inn i naturen og skaper kunstig liv.

Gå saman i grupper og lag ein podkast om temaet. Dette kan vere med:

  • sentrale etiske spørsmål i diskusjonen om kunstig intelligens
  • litterære diskusjonar om dei tre tekstane, og kva syn dei viser på at mennesket "leiker Gud"
  • opplesing frå tekstane – gjerne dramatisering
  • eigne meiningar om bruk av kunstig intelligens

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket