Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aker – Made by Norway og Nordmannen

Korleis framstiller ein reklamefilm for Aker og eit dikt av Ivar Aasen nordmannen og den norske naturen?

Del 1. Nordmannen i ein norsk reklamefilm

Sjå filmen utan lyd. Diskuter i plenum:

  1. Kva stemning synest du det er i reklamefilmen? Kva er med på å skape denne stemninga?

  2. Korleis synest du menneska i filmen blir skildra? Grunngi ved å vise til døme.

  3. No skal de sjå filmen ein gong til, men med lyd. Kva slags lyd, tekst og/eller musikk trur de akkompagnerer bileta? Kvifor det?

Sjå filmen ein gong til, men no med lyd. Diskuter i grupper:

  1. Var musikken og teksten slik de forventa?

  2. Korleis synest de tekst, bilete og lyd fungerer saman?

  3. Diktet som blir lese, er Ivar Aasens "Nordmannen". Du finn heile diktet under. Kvifor trur de dei som har laga reklamen, valde akkurat dette diktet?

Nordmannen

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og set sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
"Latt oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt."

Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Del 2. I djupet på "Nordmannen" av Ivar Aasen

Innhald

  1. Korleis synest du den norske naturen blir framstilt i diktet?

  2. Korleis blir nordmannen og forholdet hans til naturen beskrive?

  3. Vil du seie at dette er eit typisk nasjonalromantisk dikt som framstiller Noreg på eit idyllisk vis? Grunngi svaret ditt.

  4. Kva meiner du er temaet i diktet?

Form

  1. Korleis vil du seie at ordvalet i diktet bidreg til at du tolkar teksten slik du gjer?

  2. Kommenter kort korleis diktet er bygd opp ved å bruke orda

  • rimsystem

  • enderim

  • bokstavrim

  • rytme

  • bunden form

Del 3. I djupet på Aker-reklamen

Jobb i par:

  1. Samanlikn framstillinga av nordmannen i diktet og i filmen.

  2. Samanlikn framstillinga av forholdet nordmannen har til naturen i diktet og filmen.

  3. Analyser reklamefilmen ved å bruke retoriske omgrep. Legg vekt på spørsmål som:

    • Kva kjensler prøver filmen å vekkje?

    • Kvifor trur du reklameselskapet har valt akkurat denne musikken og dette diktet?

    • Vil de seie at filmen i hovudsak appellerer til patos, etos eller logos? Grunngi svaret deira ved å vise til døme.

Del 4. Diskuter: Blir du stolt eller flau?

Kva for ein av påstandane under er de i klassen mest einige i? Diskuter i plenum:

  1. Eg blir stolt, rørt og patriotisk når eg ser denne reklamefilmen som viser kor hardtarbeidande nordmenn er.

  2. Denne reklamefilmen er patetisk og bruker patosappell for å overtyde nordmenn om at dei er betre enn dei er.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket