Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På tur med Lars Monsen, Fridtjof Nansen og Robinson Crusoe

Den einsame mannen i naturen er eit vanleg motiv både i moderne TV-seriar og eldre litteratur. Korleis blir mennesket og naturen framstilt i desse tekstane? Her skal du både lese, diskutere og skrive ein tekst om emnet.
Teikning av Robinson Crusoe som ser eit fotavtrykk i sanden. I tillegg er det integrert eit portrett av forfattaren. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva forhold har du til naturen?

Er du einig eller ueinig i påstandane under? Viss du er heilt einig, får du poengsummen 5. Viss du er heilt ueinig, gir du deg sjølv 1.

  1. Ta stilling til påstandane under og rekn ut poengsummen din.

  2. Diskuter påstandane med dei andre i klassen.

  • Eg går ofte ut i naturen, fordi det er der eg liker meg best.

  • Eg trivst betre i naturen enn saman med andre menneske.

  • Eg vil heller bu landleg enn i ein by.

  • Eg kunne tenkje meg å ta ein langtur, med overnatting, aleine i naturen.

Viss du fekk over 15 poeng, er du definitivt eit naturmenneske. Om du fekk under 5 poeng, har du kanskje ikkje så sterkt forhold til naturen?

Del 2: Lars Monsen og naturen

Lars Monsen med varme klær. Foto.

Noreg elskar Lars Monsen så mykje, at han fekk eige program på laurdagskvelden på NRK: På tur med Lars Monsen.

I episoden der Lars Monsen går over Svartisen, blir naturen filma i mange ulike tilstandar. I tillegg møter han breførar Anette Myrvang som har skrive ei masteroppgåve om samanhengen mellom friluftsliv og psykisk helse.

På tur med Lars Monsen, episode 2 om Svartisen,NRK

  1. Sjå dokumentaren og svar på spørsmåla under:

    • Korleis framstiller episoden naturen og mennesket i naturen?

    • Kva seier Lars Monsen om det å vere heilt aleine i naturen?

    • Kvifor meiner breførar Anette Myrvang at det er ein samanheng mellom friluftsliv og psykisk helse?

  2. Diskuter spørsmåla med dei andre i klassen.

  3. Kvifor trur de dette programmet, og andre seriar med Lars Monsen i naturen, har blitt så populære i Noreg?

Del 3: Nansen og friluftsliv

Polfararen og folkehelten Fridtjof Nansen var definitivt mykje aleine ute i naturen, akkurat som Lars Monsen. I 1921 heldt han eit foredrag for skuleungdom på eit møte for Den Norske Turistforening.

  1. Les Nansens foredrag.

  2. Skriv ned det du meiner er hovudsynet i foredraget. Samanlikn med dei andre i klassen.

  3. Kva rolle speler naturen for utviklinga til ungdom, ifølgje Nansen?

  4. I delar av teksten bruker Nansen språklege bilete for å nå fram med hovudsynet sitt. Diskuter kva "kasse-metaforen" betyr og vurder om de synest dette er eit godt bilete som framleis er aktuelt.

  5. Kva trur de Nansen meiner i tekstutdraget under?

    Men, sier noen, det er bra for ungdommen å være sammen, for de avslipes av det. Ja selvsagt har det sin fordel, er nødvendig, kan hende, men en kan nå lett bli for rund også. Jeg vil nå be for kantene, at de ikke blir helt borte – en personlighet er nå en gang ikke rund.

  6. Diskuter hovudsynet i klassen: Er de einige eller ueinige med Nansen? Grunngi svaret dykkar.

Relatert innhald

Fridtjof Nansens tale om friluftsliv til ungdommen, halden på Den Norske Turistforeningens møte i 1921.

Del 4: Robinson Crusoe

Sjå videoen: UR på Youtube: Robinson Crusoe

Robinson Crusoe er hovudpersonen i ein roman frå 1719, skriven av den engelske forfattaren Daniel Defoe. Akkurat som Lars Monsen er Robinson Crusoe aleine i naturen. Men i motsetning til Monsen har ikkje Crusoe ei varm stove å vende heim til. Han er nemleg stranda på ei aude øy.

Les kapittelet "En eneboer og hans rike" (s. 75–84) i Robinson Crusoe på nb.no.

  1. Korleis blir naturen framstilt i kapittelet? Grunngi ved å vise til minst to sitat frå teksten.

  2. Synest du einsemda i naturen blir framstilt som positiv eller negativ? Grunngi ved å vise til sitat frå teksten.

  3. Korleis tolkar du det siste avsnittet i kapittelet?

Del 5: Samanlikn tekstane

Samanlikn synet på mennesket, natur og samfunn i tekstane i ein gruppediskusjon. Førebu deg til diskusjonen ved å utforske følgjande moment:

  • Lag ein påstand om korleis naturen blir framstilt i tekstane.

  • Grunngi påstanden din ved å vise til sitat frå alle tekstane.

  • Vis korleis forholdet mellom mennesket og naturen blir framstilt ved å vise til ulike sitat frå tekstane.

  • Korleis blir livet skildra i samfunnet – blant andre menneske – i tekstane? Underbygg funna dine ved å bruke sitat.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket