Haakon Magnus abdiserer
Diskuter i klassen:
- Viss det hadde vore folkerøysting om avskaffing av monarkiet i morgon, kva hadde de stemt? Dei som ønskjer å behalde monarkiet, reiser seg, medan dei som ønskjer å avskaffe det, blir sitjande.
- Kva argument for og mot monarkiet har de? Diskuter i plenum.
- Diskuter dei to påstandane under:
- Eg er stolt av å vere nordmann. Noreg er eit døme på eit perfekt land.
- Nordmenn er sjølvhøgtidelege nasjonalistar som trur dei er betre enn andre.
Les novella "Venteværelset" av Demian Vitanza. Etterpå skal du svare på spørsmåla under:
- Kvifor tviler kronprins Haakon Magnus på om han vil overta som konge?
- Skriv ned alle momenta kronprinsen peikar på som han meiner indikerer at noko er gale med landet vårt.
- Novella er lagt til framtida. Korleis bruker forfattaren dette verkemiddelet for å kritisere haldningane nordmenn har til innvandrarar?
Relatert innhald
Er de einige i den kritikken av Noreg som kjem fram i teksten? Grunngi.
Samanlikn framstillinga av det norske og nordmannen i novella "Venteværelset" og "Ja, vi elsker". Legg vekt på
- kva forfattarane trekkjer fram som typisk norsk
- korleis tekstane framstiller nordmenn
Korleis pregar konteksten framstillinga av Noreg i dei to tekstane? Utforsk dette ved å lese eit intervju og sjå ein kort film.
- Les intervjuet med Demian Vitanza i VG om kvifor han blei provosert over å bli bedd om å skrive om "det norske".
- Sjå filmen om nasjonalsongen og nasjonalromantikken under. Skriv ned moment som kan forklare kvifor nasjonalsongen vår blei som den blei.
I filmen blir ungdommar intervjua om kva som kjenneteiknar kulturen vår. Finn moment som
- støttar Bjørnstjerne Bjørnson si framstilling av det norske
- støttar Demian Vitanza si framstilling av det norske
Sjå for dykk at den tvilande Haakon Magnus, hovudpersonen i Vitanza si novelle, dreg tilbake i tid til 1850-talet då Bjørnstjerne Bjørnson skriv "Ja, vi elsker". Han sit ved skrivebordet saman med Bjørnstjerne og prøver å påverke han til å endre på utkastet sitt til songen.
Alternativ 1: Lag ein munnleg dialog mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Haakon Magnus som viser den konflikten som oppstår mellom nasjonalromantikaren Bjørnson og nasjonalkritikaren Haakon Magnus.
Presenter framfor klassen
Alternativ 2: Skriv dialogen mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Haakon Magnus. Veksle mellom replikkar og handlingsreferat. Hovudfokuset skal vere på den konflikten som oppstår mellom Bjørnson som ønskjer å hylle nasjonen og Haakon Magnus som tviler på at Noreg og nordmenn er noko å vere stolte av.
Bruk gjerne tips frå artikkelen under om korleis du kan setje opp teksten din.
Relatert innhald
Kvifor er det lurt å ha med dialogar når du skriv skjønnlitterært, og korleis skal du setje opp dialogane?