Hopp til innhald

Spelefilm

Ninjababy

Rakel drøymer om å bli astronaut, ølsmakar, globetrotter, skogvaktar eller teikneserieskapar. Å bli mamma er ikkje blant draumane. Ninjababy er ein leiken film om dei store og vesle overraskingane i livet og om å reise seg etter å ha gått på trynet. Filmen er regissert av Yngvild Sve Flikke.

Om filmen

Ninjababy er ein norsk komedie frå 2021. Filmen vann fire Amandapriser i 2021 under den norske filmfestivalen i Haugesund.

På eit kurs i sjølvforsvar kjenner hovudkarakteren Rakel (23) plutseleg igjen instruktøren, Mos. Dei to låg saman for eit par månader sidan. Rakel hugsar at han luktar smør. Etter sjølvforsvarskurset tek ho, etter litt press frå venninna, ein graviditetstest. Han viser to strekar. Rakel er gravid, og ho er sikker på at Mos er barnefaren.

På ultralyd viser det seg at Rakel faktisk er heile seks månader på veg. Mos kan altså ikkje vere faren. Etter litt fram og tilbake kjem Rakel til at det då berre er éin mogleg barnefar. Han det gjeld, er ikkje særleg eigna til å vere far til barnet eller til å vere kjærast, men av ein eller annan grunn ender Rakel stadig opp til sengs med han.

Karakteren Ninjababy kjem etter kvart til live gjennom teikningane til Rakel. Saman med Ninjababy prøver Rakel å finne ut av korleis ho skal handtere graviditeten. Filmen bygger på teikneserieromanen Fallteknikk av Inga H. Sætre, og det er òg Sætre som har laga animasjonane i filmen.

Folkehelse og livsmeistring

Ninjababy er ein film som eignar seg godt som utgangspunkt for diskusjonar om det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Rakel hamnar stadig i vanskelege situasjonar, og ho er ikkje alltid like flink til å ta vare på seg sjølv. Korleis skal ho kunne klare å ta seg av eit barn?

Filmen løftar fram ei rekke aktuelle problemstillingar om det å vere ung og å bli gravid utan at det er planlagt. Er det Rakel eller er det barnefaren som har ansvaret? Er det greitt å adoptere bort ein baby berre fordi det ikkje passar så bra akkurat no, og er det eigentleg innafor å vere jente og ikkje drøyme om å bli mamma?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Helse