Hopp til innhald

Fagstoff

Renessansen

I renessansen fekk eliten i Europa ei ny interesse for antikken, og det blei store endringar i både kunst, filosofi og vitskap.
Penneteikning av naken mann. Med navlen som sentrum inntar figuren to posisjonar innanfor ein sirkel og eit kvadrat, éin posisjon med ustrakte armar og bein, og éin med samla bein og hevde armar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mellomalderen hadde kyrkja i stor grad lagt rammene for kunst, vitskap og filosofi, men frå slutten av 1300-talet fekk kunstnarar, filosofar og vitskapsmenn i Firenze ei ny interesse for kulturen til antikken. ”Renessanse” betyr å bi født igjen, og det er kulturen og ideala til antikken som blir fødde på ny. Dette innebar at ein byrja å stole meir på fornufta til mennesket og evna til å forstå verda. Ein sette mennesket i sentrum og la grunnlaget for den moderne humanismen. I løpet av 1400-talet spreidde denne tenkjemåten seg, og rundt år 1500 kan vi seie at renessansen prega mykje av den kunstnariske og akademiske eliten i Europa.

Undersøk

Kva var spesielt med Firenze på 1300-talet? Kvifor trur du renessansen starta nettopp her?

Kunst

Det meste vi kjenner av biletekunst i mellomalderen var bestilt av kyrkja. Motiva var først og fremst symbolske og skulle stadfeste verdsoppfatninga til kyrkja. I ein del europeiske byar voks det etter kvart fram ein ny overklasse av handelsmenn som også etterspurde ikkje-religiøs kunst. I renessansen blei kunsten meir naturtro. Ein gav att verda slik menneska så ho, slik det òg hadde vore i antikken.

Ein naken mann ligg og støttar seg på underarmen. Han strekkjer den andre armen ut mot ein mannsskikkelse med grått hår og skjegg. Mannen blir boren av små kjerubar med vinger og strekkjer handa ut på same måte, slik at pekefingrane deira nesten rører kvarandre. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vitskap

Frå 1500-talet blei det utvikla fleire nye forskingsmetodar som bygde på observasjon og fornuft og som leidde til fram til ein vitskapleg revolusjon. I nokre tilfelle kunne dei vitskaplege konklusjonane føre til konflikt med kyrkja. Ein av dei største konfliktane gjaldt synet på jorda sin plass i universet. Kyrkja stod for det geosentriske verdsbiletet – at jorda var sentrum i universet. Dette var ein sentral del av læra til kyrkja, der ein såg på jorda og mennesket som sjølve krona på Gud sitt skaparverk. Fleire framståande vitskapsmenn stod for eit heliosentrisk verdsbilete – at sola var i sentrum i universet. Kyrkja var ofte positiv til vitskaplege framsteg, men når vitskapsmenn utfordra forståinga til kyrkja av Bibelen, blei dei møtte med straff og sensur. Likevel vann det heliosentriske verdsbiletet etter kvart fram og blei ein av dei mest revolusjonerande vitskaplege oppdagingane i perioden.

Tenk etter

Stemmer det heliosentriske verdsbiletet med den oppfatninga av universet vi har i dag?

Humanisme

Humanisme betyr at ein set mennesket i sentrum. Mennesket kan forstå verda og avgjere kva som er rett og gale gjennom fornufta. Slike humanistiske tankar kan sporast tilbake til antikken, og dei fekk nytt liv i renessansen. I dag knyt vi gjerne humanisme til eit ikkje-religiøst livssyn, men humanismen i renessansen var ein kristen humanisme. Fokuset på fornuft innebar mellom anna at ein i mindre grad tolka Bibelen bokstaveleg. Det er først i ettertid at renessansen har blitt kalla humanistisk når ein har søkt etter røtene til den moderne humanismen.

Religion

Det var ikkje slik at kunstnarane og vitskapsmennene i renessansen slutta å bry seg om kristendommen eller blei ateistar. Dei såg framleis verda som Guds skaparverk, men studerte og framstilte dette skaparverket på ein meir fri og sjølvstendig måte enn tidlegare. Fornuft og logikk var reiskap ein hadde fått av Gud, og dei var meinte å skulle bli brukte til å observere og forstå verda rundt seg. Ateisme og direkte kritikk mot religionen kjem først på 1700-talet og aukar i omfang og styrke på 1800- og 1900-talet.

Ut av mørket?

Mellomalderen blir ofte framstilt som ein mørk og brutal tidsalder der utviklinga stod meir eller mindre stille. Denne oppfatninga voks fram i renessansen. Det var òg på denne tida at den historiske epoken fekk namnet mellomalderen – perioden mellom antikken og renessansen. Synet på renessansen som eit klart brot med den mørke mellomalderen heng framleis med oss i dag, men er nok ganske overdrive.

Ein hadde til dømes drive med vitskap og studert tekstane til antikken gjennom heile mellomalderen. Det er òg lett å tenkje at kyrkja og vitskapen var motsetningar. I røynda var det i fleire tilfelle nettopp på grunn av kyrkja at vitskapen gjekk framover i mellomalderen. Klostera var viktige kunnskapssenter og på mange måtar forløparar til dei moderne universiteta. Den naturvitskaplege tanken om at det finst naturlover vart òg støtta av kyrkja, som meinte at naturen blir styrt etter gudegitte lover.

Likevel var det at ein i det heile ønskte å bryte med fortida eit viktig brot i historia. Det gjorde at ein kunne skifte fokus til framtida og eit menneskeskapt framsteg. Dette blei etter kvart sentralt i opplysingstida, dei politiske revolusjonane og den industrielle revolusjonen. Trua på framtida og framsteget er det som kjenneteiknar moderne tid. Renessansen representerer ei ny tidsånd, og sjølv om ho i utgangspunktet byggjer på gamle ideal frå antikken, er det mange utviklingstrekk i moderne tid som kan sporast tilbake til denne nye tidsånda.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Tidleg moderne tid