Hopp til innhald

Fagstoff

Globalisering på 1700-talet

Globalisering er ein prosess der land og menneske over heile kloden får stadig meir kontakt. Handel er viktig for at denne kontakten skal skje. Europearane sin handel med oversjøiske område kom først skikkeleg i gang på 1700-talet.
Måleri av skip av forskjellig storleik som ligg på vatnet i ei elv. Fjell og åsar i bakgrunnen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spor etter handel

Arkeologar har funne spor etter handel over store landområde mange tusen år før tidsrekninga vår. Men sjølv om europearane, afrikanarane og kinserarane har bytt varer i lang tid, ligg det i omgrepet globalisering at handelen, målt både i talet på folk som deltok, og i mengda varer som veksla hender, hadde ein viss storleik. Nøyaktig kor stor er vanskeleg å seie, men dei fleste historikarar meiner varestraumen må vere stor nok til at ikkje berre ein liten elite, men faktisk ein relativt stor del av folket, hadde høve til i alle fall å prøve.

Globalisering frå 1600- og 1700-talet

Ein brukar å seie at globaliseringa i moderne tid byrja med at Columbus kom til Amerika i 1492, men at ho først verkeleg kom i gang frå 1600- og kanskje særleg 1700-talet. Portugisarane, og etter kvar spanjolane, etablerte handelskontakt og koloniar i Asia og Amerika. Særleg handelen med Sør-Amerika som spanjolane greidde å ha kontroll på gjennom 1500- og inn inn på 1600-talet, vart lønsam i form av nye råvarer og edelmetall. Nederlendarane byrja å hevde seg på 1600-talet, og trass i at dei var eit lite land, hadde dei handelsskip og marine til å hevde seg på hava. På slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet tok England over dominansen og heldt han til inn på 1900-talet.

Verdskart som viser med linjer og farger kvar europeiske koloniar var rundt år 1800 og kvar handelsrutene gjekk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer kartet!

Finst det framleis spor etter denne tidlege koloniseringa i dag når det gjeld til dømes språk og religion?

Oversjøisk ekspansjon

Politisk handla ekspansjonen til nye kontinent om å sikre staten kontroll over meir ressursar. Det rådande synet på politisk økonomi, kalla merkantilismen, forstod ressursane i verda som ei gitt mengd. Eit land kunne derfor berre auke delen sin av ressursar ved å ta dei frå andre gjennom krig eller handel, eller få kontroll over nye kontinent og område.

Handelsskip på lange reiser

Talet på skip som reiste langs dei nye handelsrutene til Asia og Amerika, var til å byrje med få, og mengda varer dei tok med seg tilbake, var små. Handelen tok seg først opp då utvikling i skipsbygging og navigasjon mot slutten av 1500-talet, men særleg utover 1600- og 1700-talet, gjorde det mogleg å sende skip ut på dei lange reisene relativt trygt, samt når organiseringa av handelen gjorde at den finansielle risikoen vart fordelt på fleire hender.

Handelsvarer

Særleg te, kaffi, sukker, sjokolade, krydder og porselen var viktige handelsvarer for å motivere sjøfolk og forretningsmenn til å satse liv og pengar på å handle med fjerne stader. Desse varene vog lite og kunne lagrast lenge, og var med det lette å frakte. Dei små mengdene som kom til Europa dei første hundre åra, var dyre og eksklusive varer, reservert for adel og rikfolk. Betre transport og nye produksjonsmetodar, slik som slavedrivne plantasjar i Karibia og Amerika, førte til auka handel. Dei stadig større mengdene av varer frå eksotiske stader som vart tilgjengelege for meir vanlege folk gjennom siste halvdel av 1700-talet, fekk etter kvart mykje å seie for utviklinga av det europeiske samfunnet.

Reflekter

Reflekter over korleis kvardagen din er påverka av globalisering. Av varene du kjøper i butikken i dag, kva for nokre er produserte i Noreg? Og kva for nokre er produserte andre stader i verda?

Relatert innhald

Sjå ein undervisningsfilm om Akerendam-forliset utanfor Sunnmøre. Filmen handlar òg om bakgrunnen for forliset.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid