Hopp til innhald

Fagstoff

Utveksling av plantar mellom kontinenta

Frå dei første oversjøiske oppdagingane gjekk det ikkje lang tid før kontinenta var knytte saman i nettverk av handel og annan kontakt. Blant dei mange konsekvensane av denne kontakten var utveksling av plantar, mange av dei matplantar.
Innfødte arbeidarar hogger og lastar sukkerrøyr i vogner mens ein kvit mann sit på en hest i forkant av biletet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matplantar

Særleg frå Sør-Amerika kom det mange matplantar. Poteter og søtpoteter frå Sør-Amerika blei raskt tekne opp i jordbruket i Kina, og etter kvart i Europa. Dei kunne dyrkast i skrinnare jord, og målt i kaloriar gav dei større energiutbytte enn korn. Poteta blei redninga for mange familiar i uår, når kornavlingane slo feil, og ho blei etter kvart ein fast del av måltida omkring i verda.

Sukkerplanten, opphavleg frå Midtausten, blei teken med til Karibia, Sør-Amerika og etter kvart også Søraust-Asia. Der treivst planten godt og blei ei viktig inntektskjelde for mange, særleg dei europeiske kolonistane. Også kaffien, opphavleg frå Etiopia, blei teken med til nye stader, men særleg til Karibia, Sør-Amerika og Søraust-Asia. Kaffi blei òg ei viktig inntektskjelde. Tobakk, som stamma frå Amerika, blei tilpassa masseproduksjon og blei dyrka både i Amerika, Asia og faktisk òg i Europa.

Frå Asia kom teen. Dyrkinga av te blei lenge strengt kontrollert av kinesarane, noko som sikra dei store inntekter frå europearane. Tidleg på 1800-talet lykkast det endeleg europearane å stele ein stikling av teplanten og plante te i Nord-India og på Sri Lanka.

Sukker, kaffi, tobakk og te var blant dei første forbruksvarene, altså varer som blei brukt ofte, kanskje dagleg, av store delar av befolkninga. Utbreiinga varierte, men mange stader kom tobakken alt på 1600-talet, og dei andre varene kom i løpet av 1700-talet.

Andre varer og dyr

Tørka krydder og nøtter i opne striesekkar på rad og rekkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Også andre varer kryssa hava. Fleire plantar blei tekne med til andre kontinent, andre varer blei populære handelsvarer. Tomatar var ikkje kjende utanfor Sør-Amerika før europearane kom dit, det same gjeld sjokolade og mais. Mange asiatiske krydderartar hadde vore kjende også før dei oversjøiske oppdagingane, men då i så små mengder at berre dei rikaste kunne kjøpe dei. Med enklare tilgang blei slike eksotiske krydder òg meir tilgjengelege for dei mindre velståande laga av befolkninga.

Også dyr kryssa grensene. Kalkunen kom til Europa og blei raskt ein populær matrett. Samtidig tok europearane med seg kyr, geiter og hestar til Amerika. Der spreidde dei seg raskt, og beitinga kom til å setje eit tydeleg preg på landskapet på det nyoppdaga kontinentet. Samtidig var indianarane raske til å ta i bruk hestar, også i krigføringa mot europearane.

Relatert innhald

Det var på det amerikanske kontinentet at europearane sine erobringar fekk størst, og mest direkte, konsekvensar.

India var viktig for krydder, men også spesielt tøy som bomull og råsilke. Europearane var avhengige av alliansar med stormogulane.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid