Hopp til innhald

Fagstoff

India

Portugisarane var dei første som fann sjøvegen til Asia, men dei andre europeiske landa følgde raskt etter. I Asia møtte europearane sterke, etablerte statar og rike. Sjølv om europearane hadde overlegen militærkraft til sjøs, var det ganske få av dei.
Ein mann som kjem i båt blir ønskt velkommen av ei stor menneskemengde på ei strand. I bakgrunnen av biletet ligg tre store skip. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I praksis var europearane derfor avhengige av alliansar med lokale herskarar for å klare seg i dei asiatiske områda.

Det var særleg to store rike europearane møtte: stormogulane i India og Ming- og Qing-dynastia i Kina.

India

Dei nordindiske slettene i Hindustan var blitt samla til eitt rike på 1500-talet. Riket heldt fram med å utvide seg, og på 1600-talet dekte det mesteparten av den indiske halvøya. På 1700-talet blei riket splitta. Då europearane tok til å blande seg inn i dei politiske forholda på dette kontinentet utover på 1700-talet, var det derfor ingen felles sterk stat som kunne stå imot dei.

Dei indiske herskarane på 1500- og 1600-talet blei kalla stormogular. Gjennom krigar hadde dei samla riket, og for å halde det saman gjorde dei fleire lure trekk. Det eine var å reformere skattesystemet slik at det blei meir føreseieleg. Eit anna trekk var å tolerere mange religionar. Stormogulane sjølve følgde islam, medan dei fleste som budde i India, var hinduar. Men det fanst òg fleire minoritetsreligionar, blant dei sikhane.

Portrett av eldre dato av ein keisar i flotte klede. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit tredje trekk var å flytte ansvaret for innsamling av skattar bort frå lokale stormenn. I staden gav stormogulane denne oppgåva til eigne statlege embetsmenn. For å hindre at dei etablerte andre lojalitetsband enn til stormogulen, var embetet ikkje arveleg, og embetsmennene blei ofte flytta rundt i landet.

Gjennom perioden då stormogulane rådde, var det stadige forsøk på opprør. Det var gjerne lokale stormenn eller regionar som prøvde å lausrive seg. Gjennom 1500- og mykje av 1600-talet greidde stormogulane å kontrollere opprøra, anten ved å slå dei ned militært, men òg ved å gjere leiarane av opprøra til ein del av statsapparatet.

Oppsplittinga

Riket til stormogulane hadde si største utstrekning om lag midt på 1600-talet. Årsakene til oppsplittinga som følgde, er fleire, men kjeldene fortel ikkje så mykje. Det er likevel klart at skattebyrdene var blitt store. Med aukande befolkning, men ikkje større jordressursar, blei presset for stort. Mange flytta til byane, men der var det ikkje nok arbeid for dei.

Det hadde alltid vore store sosiale forskjellar i India, men mykje tyder på at ulikskapane auka endå meir i denne perioden. Samtidig la kastesystemet og den familiedrivne organiseringa av handverket hindringar i vegen for mobiliteten i samfunnet, både oppover, til større rikdom, og sidevegs, til andre yrke.

Når så lokale stormenn eller grupper ikkje berre lykkast i lokal, men òg i regional motstand, fall riket til stormogulane frå kvarandre. Oppløysinga skjedde i løpet av dei siste tiåra av 1600-talet og utover 1700-talet.

India for europearane

På 1500- og 1600-talet, då stormogulane herska i India, var landet sett på som eit mektig og rikt rike. Sjølv om det opphavleg var asiatisk krydder som hadde motivert europearane til å reise så langt, var det særleg bomull som kom til å bli den største vara frå India. Bomullstøy var lett og luftig og lét seg enkelt farge og trykkje. Det var særleg «kaliko», bomull med trykkmønster, som blei ei populær handelsvare. I tillegg til bomull var òg råsilke ei stor handelsvare, og dessutan salpeter, som europearane trong til produksjon av krut. I byte mot dei indiske varene hadde europearane med seg edelmetall som gull, sølv og koppar (mellom anna koppar frå Røros i Noreg), men òg finare europeiske varer som speglar, glas og urverk, og ikkje minst våpen.

Spesielt stormogulen Akbar (1556–1605) blei rekna for å vere like mektig som dei europeiske motpartane sine, Elisabet 1. i England og Filip 2. i Spania. Den faktiske kunnskapen om India var likevel liten. Lenge hadde ein kunnskapar om India berre gjennom forteljingar frå europeiske misjonærar. Utover 1600-talet auka derimot kontakten, sidan stadig fleire europeiske handelsmenn reiste til India og slo seg ned der. Også frå Danmark-Noreg var det folk som reiste til desse områda, og som seinare skreiv om opplevingane sine. Ein av dei var Ove Gjedde, som skreiv dagbok frå ei reise til Ceylon (våre dagars Sri Lanka) og Trankebar i India på vegner av den dansk-norske kongen. Det var Gjedde som fekk oppretta ein dansk-norske handelsstasjon i Trankebar.

Illustrasjon som viser eit fort og ei busetting ved ei havn i fugleperspektiv. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Også i Kina møtte europearane ein sterk og etablert stat, som på alle måtar kunne måle seg med deira eigne statar.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid