Hopp til innhald

Fagstoff

Afrika

Med portugisarane i spissen, og Vasco da Gama som fann sjøvegen til Asia via kysten av Afrika, kom europearane i større grad til å utforske Afrika for finne ut om det var rikdommar å utnytte. Først og fremst gjaldt dette kystområda.
Kart som over kysten av Guinea i 1725. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforskinga av Afrika

Sidan det var det nærmaste nabokontinentet, hadde europearane lenge hatt eit forhold til Afrika. Over Middelhavet hadde kontakten mellom dei to kontinenta vore tett.

I antikken låg store delar av Nord-Afrika under det romerske riket. Og frå 700-talet til inn på 1200-talet var den iberiske halvøya (Portugal og Spania i dag) erobra av maurarane, det vil seie folk frå Nord-Afrika.

Den delen av Afrika som låg lenger sør, hadde europearane likevel lite kjennskap til, anna enn den informasjonen som kom med handelskaravanar gjennom Sahara.

På slutten av 1400-talet tok det portugisiske kongehuset initiativ til sjøreiser nedover vestkysten av Afrika. Det overordna målet var å finne gull- og sølvressursar, men òg ein alternativ veg til Asia, der det fanst krydder som europearane gjerne ville ha lettare tilgang til. I samtida var det osmanane, med utgangspunkt i Istanbul, som hadde kontroll over handelen med Asia, men då over land gjennom Midtausten. Bakgrunnen for dei første sjøreisene var òg å finne fleire og nye ressursar, som kunne gjere Portugal rikare.

I 1497–99 fann portugisaren Vasco da Gama vegen rundt sørspissen av Afrika, Kapp det gode håp. Langs afrikakysten fann ikkje portugisarane det krydderet dei trakta etter. I staden kom dei i kontakt med afrikanske handelsnettverk som selde gull. Også på austsida av Afrika, på veg til Asia, fann dei ein stor gullhandel. I hundreåra etterpå kom begge gullrutene til å bli viktige, først for portugisarane, seinare også for handelen med Asia i andre europeiske land.

Handelsfort på kysten

Frå 1500-talet og ut gjennom 1700-talet kom europearane i liten grad til å trengje inn i det indre av Afrika. Dei heldt seg til kysten, i eigne handelsfort. Handelen med innlandet skjedde gjennom afrikanske mellommenn. Sjukdommar, klima og naturforholda gjorde at europearane i liten grad kunne overleve reiser innover i landet. Ein europear sa at «innlandet er vakta av ein engel med eit flammande sverd av sjukdommar». Også langs kysten gjorde sjukdommar, oftast malaria, at dødstala blant europearane var høg.

I tillegg til gull var slavar den viktigaste vara europearane kjøpte frå Afrika. Slavane blei frakta av europearane til plantasjane i Amerika og Karibia.

Slavehandlarar med slavar. Vi ser ei av vaktene som slå i hel ein av slavane som ikkje klarer holde følge med dei andre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historikarane i møtet med dei afrikanske samfunna

Det har vore vanskeleg for historikarane å få grep på dei afrikanske samfunna og den afrikanske historia. Grunnen ligg dels i at det finst få skriftlege kjelder, og at dei som finst, stort sett er skrivne av europearar. Historikarane må derfor bruke andre kjelder og metodar for å forstå Afrika i fortida. Blant dei beste kjeldene til afrikansk historie er munnlege overleveringar gjennom mytar og historier, men også arkeologisk materiale som kan fortelje om mellom anna busetjing, teknologiar, levekår og samfunnsstrukturar.

Ei kanskje endå større utfordring har vore at dei afrikanske samfunna var så annleis enn dei europeiske. For historikarar som er trena i å forske på europeiske samfunn med sterke statar, blei dei afrikanske samfunna så annleis at dei nærmast blei uforståelege.

Det resulterte i at historiske afrikanske samfunn lenge blei framstilte som primitive. Med nye generasjonar av afrikanske historikarar har vi over tid begynt å forstå meir.

Dei historiske afrikanske samfunna

Tilgangen på jordressursar er den grunnleggjande faktoren for å forstå dei afrikanske historiske samfunna. Dei fleste stader i Afrika er jorda skrinn og blir lett utmagra. For å kunne gjere seg nytte av jorda måtte folk flytte på seg. Anten var dei nomadar, eller så kunne eit heilt samfunn flytte til eit anna område når storleiken på befolkninga blei større enn det jorda kunne gi av avlingar. I Europa var kontroll over jord ein viktig maktfaktor, men i Afrika var jorda så skrinn at ho hadde liten verdi.

Den viktigaste ressursen i Afrika var derfor menneske. Gjennom kontroll av menneske fekk leiarar innbetalt tributt eller skatt i form av mat og andre verdiar. Desse verdiane kunne ein så gi som gåver for å sikre lojalitet frå andre. Slavehald var ein integrert del av dei historiske afrikanske samfunna. Slavane var gjerne krigsbytte etter feidar med andre samfunn. Slavane kunne setjast til å dyrke jorda. På den måten frigjorde dei resten av befolkninga i eit samfunn, slik at dei kunne vere krigarar. I andre tilfelle blei slavane brukte i gullgruvene, blei tvinga til å vere soldatar, eller dei blei sette til å vere husslavar for herskaren.

Då europearane kom til Afrika, fanst det mange typar samfunn der. Nokre var store og utgjorde sterke statar. Eit døme var Kongo, der eit nettverk av lokale hovdingar betalte tributt eller skatt til ein konge som sat i hovudstaden M'banza Kongo. Denne kongen blei ein verdfull leverandør av slavar til portugisarane då dei kom i 1483. Eit anna døme er Etiopia på 1400- og 1500-talet. Også der var mange samfunn små, og dei blei styrte av mindre hovdingar. Nomadesamfunn styrte av nettverk av ulike samfunnsgrupper var òg vanleg.

Europearane sin påverknad på dei afrikanske samfunna

Europearane var få, og dei heldt seg stort sett langs kysten av Afrika. Den direkte innverknaden på dei afrikanske samfunna var derfor liten. Europearane brukte afrikanske mellommenn når dei i byte for europeiske varer som tekstilar, alkohol og våpen handla gull og slavar.

Etterspørsel frå europearane fekk likevel mykje å seie for dei afrikanske samfunna. At dei lokale innbyggjarane eller herskarane fungerte som mellommenn og sytte for forsyningar av slavar og gull, gjorde at dei samfunna som kontrollerte område med handelsruter, voks seg mektige. Det skjedde mellom anna med fleire samfunn i området som då blei kalla Gullkysten, i dag Ghana. Før europearane kom, hadde det vore mange og ganske allsidige samfunn der. I møtet med den europeiske etterspørselen var det nokre samfunn som voks fram til å bli sterke imperium på grunn av at dei røva slavar frå innlandet og selde dei til europearane. For dei mindre og svakare samfunna fekk det store negative konsekvensar når unge og friske folk blei tekne til fange, og mange samfunn braut også saman.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 25.09.2017

Læringsressursar

Tidleg moderne tid