Hopp til innhald

Fagstoff

Reformasjonen

Reformasjonen var ei av dei mest sentrale hendingane i tidleg moderne tid. Fleire statar bryt med paven og dannar sine eigne statskyrkjer.
Ein mann i munkekjortel spikrar fast eit skriv på ei dør med ein hammar mens tre andre menn ser på. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til og føresetnader for reformasjonen

På byrjinga av 1500-talet blei stadig fleire misnøgde med at kyrkja tok seg meir betalt for tenestene sine, og dei meinte at pengane blei sløste bort på overdådige byggverk og luksus. Den tyske munken og professoren i teologi Martin Luther starta protesten sin i 1517. Han ønskte i utgangspunktet å reformere den katolske kyrkja, men blei i staden av paven. Dette enda med den første store splittinga i kristendommen på nesten 500 år.

Svekking av autoriteten til kyrkja

Fleire hendingar på 1300- og 1400-talet hadde svekt stillinga til kyrkja i Europa. På byrjinga av 1300-talet førte ein konflikt mellom kyrkja og den franske kongen til at franskekongen tvinga gjennom valet av ein fransk pave og pavesetet blei flytta frå Roma til Avignon i Frankrike. Då paven etter nesten 70 år i Avignon flytta tilbake til Roma, oppstod det nye konfliktar, og i periodar blei det utnemnt både to og tre pavar.

Midt i dette kaoset slo òg svartedauden til. Kyrkja mista store inntekter når Europas befolkning blei kraftig redusert. Kristendommen hadde vore ei kjelde til håp, tryggleik og frelse for europearane i mellomalderen. Men no såg dei at kyrkja hadde lite å stille opp med i møte med herjingane til den grufulle pesten. Mot slutten av 1300-talet og utover på 1400-talet oppstod det fleire reformrørsler som blei slått hardt ned av kyrkja.

Humanismen

Martin Luther var sterkt inspirert av dei humanistiske ideala til renessansen med stor tru på den kritiske fornufta til mennesket. Tenkjarane i renessansen var opptekne av å gå til kjeldene og studere dei kritisk, spesielt skrifter frå tenkjarane i antikken. For Luther var Bibelen den einaste kjelda til rett tru. Derfor la han stor vekt på å lese Bibelen med eit kritisk blikk og ikkje stole blindt på dei tradisjonelle tolkingane til kyrkja. Det blei òg viktig for Luther og andre reformatorar å få omsett Bibelen til lokale språk, slik at ein som kristen skulle få tilgang til kjelda sjølv.

Boktrykkjarkunsten

I Europa hadde bøker og dokument vore handskrivne og dermed òg tidkrevjande og dyre å produsere. På midten av 1400-talet fann den tyske gullsmeden Johan Gutenberg opp ein effektiv måte å trykkje bøker på som gjorde masseproduksjon av bøker og dokument mogleg. Denne teknologien blei flittig brukt av Luther og andre reformatorar for å spreie bodskapen sin og å gjere dei nye omsette biblane tilgjengeleg for mange. Boktrykkjarkunsten og omsette biblar gjorde det òg mogleg for mange fleire europearar å lære seg å lese.

Avlatshandel

Ein viktig del av Luthers protest var avlatshandelen. Dette var ein praksis som hadde utvikla seg der kyrkja byrja å ta betalt for tilgiving gjennom å selje såkalla avlatsbrev. I katolsk tru skal ein gå til kyrkja og skrifte, det vil seie vedkjenne seg syndene sine, for å få dei tilgitt. Ein må òg angre og gjere botsøvingar. Dette inneber til dømes å faste eller be spesielle bønner. Synder som ikkje er tilgitte, vil bli straffa med liding i skjærselden, ein slags mellomtilstand før ein kjem til himmelen. Avlatshandelen var ein måte å sleppe unna denne straffa på, og ein kunne òg betale for dei døde slektningane sine.

Makt

Tyskland var på denne tida ei samanslutning av fyrstedømme som inngjekk i det tysk-romerske keisarriket. Mange av fyrstane slo seg saman med Luther og byrja å danne såkalla protestantiske kyrkjer som bygde på Luthers lære. Dette blei statskyrkjer som kutta banda til paven, noko som betydde meir makt og rikdom til den enkelte kongen eller fyrste. Eigedommane til kyrkja blei overtekne av staten, og kongen blei overhovudet til den nye statskyrkja. Fleire kongar og fyrstar var overtydde lutheranarar, men makt, rikdom og frigjering frå paven var nok medverkande årsaker til at dei valde å støtte Luther i konflikten.

Luthers lære

Trua åleine

Sentralt i kristendommen står ideen om at Jesus tok på seg straffa for syndene til mennesket gjennom lidinga si og død på korset, slik at ein kunne bli frelst berre gjennom tru. Martin Luther meinte den katolske kyrkja hadde mista dette poenget ved å fokusere så sterkt på handlingar, ritual og religiøse plikter. Som katolikk i mellomalderen hadde ein plikt til å oppsøkje kyrkja for å vedkjenne seg syndene sine og angre. Luther meinte dette var ei sak mellom den enkelte angrande synder og Gud. Kyrkja skulle i mindre grad vere eit mellomledd mellom den truande og Gud.

Synd og straff i tidleg protestantisme

Sjølv om tilgivinga var opp til Gud, var det ikkje slik at kyrkja slutta å fokusere på synd. Synda blei trekt inn i dei statlege lovene, og straffa for synd blei gjerne utført av prestane, som blei eit slags moralpoliti. Utover på 1600-talet blei straffene berre strengare. Det er på denne tida hekseprosessane er på sitt verste, og dei protestantiske landa dominerte statistikken.

Skrifta åleine

Dei protestantiske kyrkjene avskaffa helgendyrking, klostervesen, avlatshandel og ei rekkje religiøse plikter som ifølgje Luther ikkje hadde grunnlag i Bibelen. Den katolske kyrkja har to kjelder til kva som er rett tradisjon: Bibelen og den kyrkjelege tradisjonen. Tanken er at den katolske kyrkja blir rettleidd av den heilage ånda, slik at det som blir bestemt i kyrkja òg må reknast som rett tru. Dette var Luther usamd i. Han meinte at det berre var Bibelen som skulle vere kjelde til den rette trua. No skulle òg Bibelen og gudstenestene vere på det lokale språket og ikkje latin. Bodskapen frå Bibelen blei dermed meir tilgjengeleg for folk flest, og kyrkja hadde i dei protestantiske kyrkjene ikkje lenger monopol på å tolke tekstane.

Krig og konflikt

Reformasjonen spreidde seg til store delar av Nord-Europa og førte til langvarige konfliktar. Den tysk-romerske keisaren allierte seg med paven for å stoppe reformasjonen. I 1555 blei det inngått ein avtale i Augsburg om at fyrstane sjølv skulle bestemme kva kyrkje som skulle gjelde i fyrstedømmet sitt. Konflikten heldt likevel fram og blei først avgjort etter trettiårskrigen i fredsavtalen i Westfalen (1648). Keisaren tapte, og fyrstane fekk behalde rettane sine frå Augsburg. Frå freden i Westfalen har vi ideen om suverene statar som framleis i dag er ein del av Folkeretten: Ein stat skal kunne bestemme over sine indre saker utan at andre blandar seg inn.

Protestantiske kyrkjer i dag

Martin Luther er den personen som framfor nokon blir forbunden med reformasjonen. I Noreg fekk vi òg ei luthersk kyrkje 20 år etter Luthers brot med den katolske kyrkja. Det er derfor lett å tenkje at reformasjonen i stor grad handlar om Luther og hans syn på religion. Samtidig som Luthers reformasjon og i tida etter, oppstod likevel ei rekkje andre brot i mellom anna England, Sveits og Nederland. Den anglikanske kyrkja, baptisme, kalvinisme, metodistkyrkja og pinserørsla har alle røter i reformasjonen på 1500-talet og blir rekna som protestantiske. Lutherske kristne utgjer i dag rundt 10 % av protestantane i verda, og denne forma for kristendom er viktigast i Tyskland og Norden.

Tidslinje som viser oppdelinga i ulike protestantiske retningar. Frå reformasjonen til i dag. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reformasjonen frå eit katolsk perspektiv

Frå eit katolsk perspektiv var reformasjonen ein katastrofe. Kristendommen i Europa hadde opplevd eit stort brot tidlegare då den katolske og ortodokse kyrkja skilde lag på 1000-talet, og ei av dei viktigaste oppgåvene for paven i mellomalderen var å hindre fleire splittingar. Den katolske kyrkja gjekk etter reformasjonen gjennom sin eigen indre reformasjon, og mange katolikkar meiner framleis i dag at splittinga burde vore unngått. Avlatshandelen blei forboden i den katolske kyrkja i 1567. Læra om skjærselden har òg endra karakter. I dag blir skjærselden forstått som ein reinsingsprosess og førebuing til himmelen som ikkje inneber liding. Reformasjonen betydde òg mange stader øydelegging av katolske bygg og gjenstandar. Kyrkjer blei plyndra og øydelagde, helgenbilete og statuar blei brunne.

Ein omdiskutert reformasjon

I 2017 var det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen sin. Feiringa i Noreg og andre lutherske land førte til ein del diskusjon rundt korleis vi eigentleg skal forstå reformasjonen, og om det i det heile var noko å feire. Den lutherske kyrkja vi har i Noreg i dag, er blant dei mest liberale kyrkjene i kristendommen, og det er lett å tolke reformasjonen i lys av dette. I Europa på 1500-talet var det likevel utenkjeleg med til dømes kvinnelege prestar eller homofile ekteskap, men samtidig var det sider ved Luthers lære som la grunnen for ei slik utvikling. Det blei mogleg for den enkelte kristne å lese og tolke Bibelen på eiga hand. Dette opna opp for ein friare tolkingstradisjon som på sikt har ført til eit liberalt syn på saker som homofili og kvinnelege prestar i fleire lutherske kyrkjer.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid