Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Tidleg moderne tid

Mellom 1500 og 1750 skjer det fleire grunnleggjande endringar som skal påverke europearar og etter kvart store delar av verda. Renessanse, reformasjon og kolonialisme er viktige stikkord.
Bilete hogt i stein av ein mann med eit flagg som går i land frå ein liten båt. Fleire kvinner, barn og menn står på breidda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne perioden i europeisk historie har fått ulike namn, alt etter kva sider ved historia ein legg vekt på. I kunst og filosofi snakkar ein om renessansen, men då regnar ein perioden berre fram til rundt år 1600. Omgrep som oppdagingane si tid eller kolonitida legg vekt på den europeiske ekspansjonen og seier lite om indre forhold i Europa.

Tidleg moderne tid er ei meir nøytral nemning. Ein kan sjå perioden som ein overgang mellom mellomalderen og det moderne Europa. I denne perioden mistar den katolske kyrkja den totale dominansen sin over Vest- og Nord-Europa, byborgarskapet veks fram som ein ny maktfaktor, nye tankar blir utvikla innan kunst, filosofi, religion og vitskap, og Europa byrjar å leggje verda under seg.

Oppdaginga av Amerika og Martin Luthers brot med den katolske kyrkja skjedde med få års mellomrom rundt 1500, og derfor kan det vere naturleg å regne byrjinga til perioden frå 1500. Moderne tankar veks fram, men Europa heng framleis igjen i gamle mønster med udemokratiske monarki og restar av føydalisme. Overgangen til moderne tid blir markert av industrielle og politiske revolusjonar frå midten av 1700-talet.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid