Hopp til innhald

Fagstoff

Nord-Amerika

Engelskmennene hadde lenge sett med misunning på spanjolane sine koloniar i Sør-Amerika. Etter freden med spanjolane i 1605 kunne engelskmennene konsentrere seg om ambisjonane sine i Nord-Amerika
Fleire menn i vestlege klede utvekslar varer med urbefolkning med hovudpryd av fjør. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koloniseringa av Nord-Amerika

Freden med spanjolane reduserte òg faren for sjørøvarar og kapring. Det gjorde reisa over havet mindre farefull. Kontinentet blei dermed meir attraktivt for dei nye busetjarane, som ville søkje lykka eller rømme frå den «gamle verda», som Europa blei kalla.

Dei første som drog over, var lykkejegerar og eventyrarar. Dei drog først og fremst til det som i dag utgjer staten Virginia, i regi av det private selskapet Virginia Company. Selskapet hadde fått privilegium frå den engelske kong Jakob 1. til å slå seg ned der. Kongen såg heilt bort frå indianarane som heldt til i området.

Kart over Virginia. Illustrert kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For dei første busetjarane i Virginia gjekk det dårleg. Mange var adelsmenn og folk frå overklassen og hadde lite erfaring med å greie seg som nybyggjarar. Dei var vane med å kjøpe det dei trong, i dei velutvikla byane i England. Den første vinteren viste seg å vere hard, og indianarane var lite vennlege. Av 500 kolonistar overlevde berre 60.

Tobakksplantasjar

Trass i dei harde forholda voks den engelske kolonien i Virginia sakte, men sikkert. Mykje av grunnen var at tobakk hadde begynt å bli populært i Europa rundt 1600, og denne planten treivst godt i jorda i Virginia. For å ha råd til å importere nødvendige varer frå moderlandet sette dei derfor i gang ein storstilt tobakksproduksjon. Det første forsøket blei gjort i 1612. Alt i 1619 blei det utført 60 000 pund tobakk. Nokre tiår seinare hadde utførselen auka til 1,3 millionar pund. Nøkkelen til den store produksjonen var plantasjedrift. Det vil seie at det berre blei produsert tobakk, ingenting anna, på gardane. Alt anna av nødvendige varer blei kjøpte inn.

Dei som gjorde det praktiske arbeidet på tobakksplantasjane i Virginia, var til å begynne med engelskmenn som i byte mot billett for reisa over havet forplikta seg til nokre år med arbeid. Andre var straffangar, sende til Amerika for å arbeide i staden for å sone dommane sine i engelske fengsel. Korkje straffangane eller dei andre arbeidarane blei behandla godt. Etter kvart blei dei fattige og kriminelle engelskmennene erstatta av slavar frå Afrika. Saman med produksjonen på plantasjane kom slaveriet til å kjenneteikne samfunnet i dei sørlege delane av Nord-Amerika i fleire hundre år framover.

Afrikanske slavar arbeider på ein tobakksplantasje. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nybyggjarar i nord

Lenger nord, i New England, kom det nybyggjarar som hadde rømt frå Europa på grunn av religiøs forfølging. Dei første var kalvinistar, ei sekt som bestod av konservative protestantar. Dei kom med skipet «Mayflower» i 1620 og blir i USA omtalt som pilegrimsfedrane.

Der busetjarane i sør i stor grad var menn og lykkejegerar med lite samhald, var busetjarane i nord gjerne familiar som var bundne saman i små samfunn gjennom felles tru. Mange såg på det nye kontinentet som ein sjanse til å byggje eit Guds rike på jord. Sjølv om mange hadde edle ideal, blei møtet med kalde og harde vintrar, og dessutan med «heidningane» – det vil seie indianarane – eit møte med ein hard røyndom.

Busetjarane i nord greidde etter kvart å bli noko meir sjølvforsynte, men sette aldri i gang med noko plantasjesystem, slik som i sør. Blant dei viktigaste varene som nybyggjarane i nord selde tilbake til Europa, var pelsverk og skinnvarer.

Sjølv om engelskmennene var dei dominerande kolonistane i Nord-Amerika, var òg andre land engasjerte. Nederland sende tidleg kolonistar, det same gjorde Sverige og Frankrike. Dei nederlandske og svenske koloniane blei etter kvart tekne opp i dei engelske, medan dei franske koloniane blei det som vi i dag kjenner som Canada.

Indianarane

Tre menn utvekslar dyrepelsar med ein mann frå urbefolkninga med tradisjonell kroppspynt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Indianarane som budde i Nord-Amerika, blei pressa bort frå sine område. Dei fleste indianarsamfunna var mobile jordbrukssamfunn. Det vil seie at dei dyrka jord, men når jorda var utarma, flytta dei vidare. Indianarsamfunnet var samansett av mange mindre samfunn, som åleine hadde vanskar med å stå imot europearane.

Indianarane gjorde fleire forsøk på å kjempe mot europearane. Men i møtet med overlegen våpenkraft, og fordi det òg var mange indianarstammar som allierte seg med europearane, blei det likevel aldri nokon samla motstand. Slik miste indianarane over tid landet sitt til dei europeiske nybyggjarane.

Relatert innhald

Det var på det amerikanske kontinentet at europearane sine erobringar fekk størst, og mest direkte, konsekvensar.

I Sør-Amerika var det spanjolane som dominerte. Raskt etter at Columbus kom til Sør-Amerika, begynte spanjolar å søkje lykka på det nye kontinentet.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid