Hopp til innhald

Fagstoff

Sør-Amerika

I Sør-Amerika var det spanjolane som dominerte. Raskt etter at Columbus kom til Sør-Amerika, begynte spanjolar å søkje lykka på det nye kontinentet. Dei første tiåra dreiv dei regelrett plyndring.
Illustrasjon av mann kledd i conquistadorane sine klede med kappe og hatt som sit ovanfor ein aztekisk herskar på tronen sin. Bak herskaren står tre undersåttar, alle kledd i tradisjonelle aztekiske hodeplagg og kapper.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plynding og utnytting

Plyndringa blei leidd av conquistadorane og soldatane deira. Ved å betale den spanske kongen om lag 1/5 av alt gull og sølv dei kom over, fekk dei behalde resten av verdiane dei rana til seg.

I løpet av dei første tiåra på 1500-talet blei det klart at spanjolane i stor grad kom til å busette seg i Sør-Amerika. I denne fasen var det mange som starta med gruvedrift for å hente opp meir sølv og gull. Indianarane blei då brukte som slavar. Den spanske kongemakta ville etter kvart styrkje sin eigen posisjon, mellom anna blei det sendt embetsmenn og prestar for å få kontroll med dei nye samfunna.

Samtidig blei det klart, gjennom rapportar frå spanske prestar, at det skjedde ein humanitær katastrofe i Sør-Amerika. Det blei gjort forsøk på å verne indianarane mot den grovaste utbyttinga, mellom anna ved å samle dei i eigne landsbyar og setje dei til arbeid – utan at det i praksis var til særleg hjelp i møtet med spanske slavejegerar og gruveeigarar som hadde behov for arbeidskraft.

Jordbruk

Mot slutten av 1500-talet blei spanjolane meir opptekne av jordbruk. Dei lettast tilgjengelege gull- og sølvførekomstane var no henta opp. For dei fleste spanjolar som kom til Sør-Amerika, var det enklare å sjå seg om etter noko anna å leve av, og då blei altså løysinga jordbruk. Sidan den opphavlege befolkninga då var blitt mykje mindre, og det var enkelt å fordrive dei indianarane som framleis dreiv jordbruk, var jorda òg lett tilgjengeleg.

Dyr i innhegning i eit jordbrukslandskap. Gravert illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mykje av jordbruket i Sør-Amerika var basert på kvegdrift. Dyra blei slakta og brukte til mat i koloniane, medan skinnet blei selt som hud eller lêr til Europa. Der blei det brukt til alt frå møblar til klede, emballasje og tauverk. Også sukkerproduksjon breidde om seg. Sukker stammar opphavleg frå Midtausten, men spanjolane hadde alt i mellomalderen prøvd å dyrke det i Spania, utan særleg suksess, bortsett frå på Kanariøyane. Det viste seg at sukkerplanten treivst godt i Sør-Amerika, og etter kvart blei sukker ei av dei store eksportvarene til Europa.

Relatert innhald

Det var på det amerikanske kontinentet at europearane sine erobringar fekk størst, og mest direkte, konsekvensar.

Etter freden med spanjolane i 1605 kunne engelskmennene konsentrere seg om ambisjonane sine i Nord-Amerika.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 26.09.2017

Læringsressursar

Tidleg moderne tid