Hopp til innhald

Fagstoff

Kina

Også i Kina møtte europearane ein sterk og etablert stat, som på alle måtar kunne måle seg med deira eigne statar. På fleire område blei Kina òg oppfatta som overlegen.
Måleri av fleire handelshus sett frå sjøen med båtar i forkant og flagga til Danmark, Spania, USA, Sverige, Storbritannia og Nederland.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fellestrekk

Vest-Europa og Kina hadde mange fellestrekk. Dei låg på kvar si side av det eurasiske kontinentet. Det gjorde at dei til dels hadde nokre av dei same klimatiske føresetnadene. Begge opplevde òg den same kraftige folkeveksten etter svartedauden og fram mot 1800-talet, og dermed ein del av dei same utfordringane.

Løysingane som blei valde i dei to eurasiske regionane, var likevel til dels ulike. Der vesteuropearane løyste folkeveksten gjennom handel og kolonisering av nye område, løyste kinesarane han ved å auke arbeidsinnsatsen som blei lagd ned i jordbruket, men òg i annan produksjon.

I praksis tok dette form av at dei vesteuropeiske landa gjennom handel, særleg med Russland, skaffa seg nødvendige ekstra matforsyningar. Utover 1700-talet flytta også overskotsbefolkninga, særleg i Storbritannia, over havet til Nord-Amerika, som blei kolonisert på denne tida. I Kina var altså løysinga i staden å intensivere arbeidsinnsatsen i jordbruket. Det skjedde mellom anna gjennom betring av vatningssystem og oppdyrking av skrinnare jord, men òg gjennom bruk av nye matplantar, som kunne greie seg godt på skrinn jord. Blant dei nye matplantane var poteter og jordnøtter, som raskt blei overførte til Kina etter oppdaginga av Amerika.

Ming- og Quing-dynastia

Det var Ming-dynastiet (1368–1644) som styrte i Kina då europearane kom sjøvegen på 1500-talet. Trass i nokre samanstøytar med mongolar i nord og sjørøvarar i sør er Ming-dynastiet kjent som ein relativt roleg periode, med generelt gode tider for Kina.

Kart over Kina som viser Ming-dynastiet si utstrekning i 1580.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som i Europa skjedde det òg økonomiske og sosiale endringar i denne perioden. Blant endringane var at stadig større delar av befolkninga gjekk frå primært å vere bønder som dyrka jorda for å vere sjølvforsynte, til å bli produsentar av handelsvarer. Slik blei det fleire og fleire som produserte varer for marknaden, og det blei òg fleire forbrukarar som kjøpte dei varene som gradvis blei tilgjengelege. Nokre flytta til byane, der dei livnærte seg på handverk eller handel, medan dei som blei verande i jordbruket, i større grad spesialiserte produksjonen mot det som var lettast å få selt.

Ming-dynastiet blei avløyst av Qing-dynastiet (1644–1912). Trass noko motstand mot det nye dynastiet, særleg i dei sørlege delane av Kina, blei Qing-keisarane etter kvart aksepterte. Under dei kom Kina til å nå si største utstrekning, på heile 11,5 millionar km2 (i dag er Kina 9,6 millionar km2). Særleg kunst og litteratur hadde gode forhold under Qing, i alle fall så lenge ein heldt seg innanfor dei grensene sensuren sette.

Samtidig heldt dei økonomiske og sosiale endringane som begynte under Ming-dynastiet, fram. Som i Europa førte endringane òg til byvekst. I Kina var det ikkje dei store byane som fungerte som administrative senter, som voks. I staden voks det fram mange små byar som låg rundt marknadsplassar. I desse byane selde bøndene jordbruksvarer. Ein kunne òg kjøpe handverksvarer. Dei blei laga av den veksande gruppa av små og store handverkarar og føretak som voks fram.

Europearane møter Kina

Dei kinesiske keisarane under Ming og Qing var lite interesserte i oversjøisk handel. Gjennom historia til dei kinesiske dynastia hadde makta alltid lege i å kontrollere innlandet, aldri kysten. Sjølv om det sjølvsagt var kinesarar som både budde og handla langs kysten, fekk denne delen av Kina generelt lite merksemd. Unntaket var sjørøvarane, som periodevis forstyrra folket både under Ming og Qing.

Då europearane kom til den kinesiske kysten, blei dei ikkje oppfatta som nokon trussel. Dels var styresmaktene, som nemnt tidlegare, ikkje så interesserte i kysten, og dels var det så få europearar som kom, at dei ikkje gjorde særleg inntrykk.

Utsikt over den kinesiske handelsbyen Kanton med europeiske handelshus og skip. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei kinesiske styresmaktene hadde valt ut nokre få hamner som hadde løyve til å drive oversjøisk handel, det vil seie handel med land som Japan, Filippinane og landa i Sør-Asia. Dei europeiske landa fall inn i dette mønsteret. Europearane fekk påbod om berre å handle i den kinesiske hamnebyen Kanton. På slutten av 1700-talet var det om lag 30–40 europeiske skip i Kanton i løpet av eit år, 4–5 av dei segla under dansk-norsk flagg.

I Kina var europearane ute etter silke, lakkerte møblar, porselen og særleg te. Gjennom 1700-talet auka tehandelen frå 1 million kilo i 1720 til 5 millionar kilo omkring 1750 og 12 millionar kilo på slutten av hundreåret. I byte tok kinesarane først og fremst sølv som betaling. Dei var stort sett uinteresserte i andre europeiske varer, sjølv om også indisk bomull etter kvart blei ei viktig vare som europearane førte til Kina.

Ei tredje vare som kinesarane ville kjøpe frå europearane på slutten av 1700-talet, var opium. Opiumen blei henta frå dei britiske koloniane i India, og fordi han var forboden i Kina, blei han smugla inn i landet ved hjelp av korrupte kinesiske handelsfolk og embetsmenn. Opiumshandelen gav stor forteneste til alle som var involverte. Fordi mange blei avhengige av opiumen, eller av pengane dei tente på han, kom opiumshandelen til å spele ei sentral rolle i å destabilisere den kinesiske staten. Etter to konfliktar, opiumskrigane (1839–42 og 1856–60), mellom europearar og kinesiske styresmakter om sal av opium, fekk europearane fri tilgang til handel i det kinesiske riket.

Eit eldre dokument med handskrivne sider: latinske bokstavar på venstre side og kinesiske kalligrafi-teikn på høgre side. Det er underskrifter og stempel på begge sider. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

India var viktig for krydder, men også spesielt tøy som bomull og råsilke. Europearane var avhengige av alliansar med stormogulane.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Tidleg moderne tid