Hopp til innhald

Fagstoff

Handel i Noreg

I dag er Noreg å rekne som éin marknad. Med det meiner vi at det er fri flyt av varer og tenester mellom regionane i landet. Å få til dette var ein lang prosess, og mange av dei viktige, første stega vart tekne seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet.
Tollbua i Christiania med fleire bygg langs bryggja og båtar til kai. Foto i svart-kvitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skipsanløpslistene og toll-listene viser at norske tollstader tidleg på 1700-talet først og fremst handla med andre norske hamner som låg i nærleiken. Med «i nærleiken» meiner vi då ikkje berre at dei låg langs kysten, men også på tvers av fjorden.

Derimot ser det ut til å ha vore lite kontakt mellom dei større regionane. Delvis kan vi forklare dette ved at Trøndelag og Bergen gjennom mykje av 1700-talet hadde privilegert tilgang til å handle med Nord-Noreg. Dette gjorde at folk i nord ikkje reiste til til dømes Austlandet for å kjøpe varer, men heller til Bergen eller Trondheim.

Mellom Bergen og Trondheim var det heller ikkje mykje kontakt. Noko av grunnen kan vere at dei produserte mange av dei same varene, og derfor ikkje trong kontakten.

Aust- og Sørlandet og dei andre regionane hadde heller ikkje mykje kontakt med Vest- og Nord-Noreg, eller Trøndelag. Frå vest til aust vart det frakta noko fiskevarer, samt talg og tran som vart brukt særleg til produksjon av lys. I retur kom det mellom anna jarnvarer.

Somme tollstader ser ut til å ha vore omlastingspunkt anten for utanlandske varer, for varer som kom frå Danmark, eller frå andre delar av Noreg. Med eit stort tal skipsanløp peikar særleg Langesund, Arendal og Risør seg ut som slike hamner. Frå desse hamnene vart varene så frakta vidare til andre stader i Noreg, og moglegvis også Danmark.

Relatert innhald

Det var særleg gjennom 1700-talet at handel byrja å knyte land og regionar tettare saman. Med auka kontakt over grenser vart marknadene større.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison og Norsk lokalhistorisk institutt.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske system