Hopp til innhald

Fagstoff

Sjøfart

Sjøfarten var viktig fordi han frakta varene frå produsentane til marknader både i inn- og utland. Som næring voks sjøfarten alt frå 1500-talet, men særleg sterkt på 1600- og 1700-talet, i takt med større handelsaktivitet i Europa og elles i verda.
Larvik frå sjøsida med seks større skip i forgrunnen, 1785. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå utanlandske til norske eigarar

Kven som åtte skipa, varierte over tid. I den tidlegaste perioden var det stort sett utanlandske skip som kom til Noreg. På 1700-talet var skipsfarten i større grad på norske hender. Inntekter frå frakta sytte dermed for forteneste for norske eigarar. Lønna gjekk til norske matrosar, og bestillingar på leveransar av proviant, tauverk eller skipsbygging gjekk i større grad til norske produsentar og handelsfolk.

Sjøfarten i praksis

Skipsfarten på 1500-talet og fram til 1800-talet var styrt av vêret og sesongane. I Noreg var høgsesongen dei varme og rolege sommarmånadene. Om vinteren var det lite eller ingen trafikk. Årsaka var til dels faren for vinterstormar, men òg at mange hamner var utilgjengelege på grunn av is. Det gjaldt mellom anna hamnene i indre Oslofjord.

Kristiansund med busetnad og båtar i hamna, anno 1800. Handkolorert illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjøfarten sysselsette særleg unge menn frå kysten, men mange frå innlandet søkte òg lykka som sjømenn. Sidan sjøfarten i hovudsak sikra arbeid i sommarmånadene, måtte dei finne anna arbeid om vinteren. Nokre av dei søkte då tilbake til innlandet og tok arbeid i skogen. Ein del blei òg verande langs kysten og fekk arbeid ved skipsverfta, som voks fram utover 1700-talet.

Frakta

Briggen «Ellida» av Trondheim på tur til Marseilles i juni 1830. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skipsfarten gjekk mykje til utlandet, men òg til Danmark og til ulike hamner langs norskekysten.

Utanrikshandelen kravde store skip og mykje kapital, for skipa måtte ofte vere på havet i lang tid. Handelen hadde ein særleg stor oppgang på 1700-talet, fordi Danmark-Noreg var ein av få nøytrale statar i eit Europa prega av ufred. Dansk-norske skip fekk dermed tilgang til hamner i dei landa som låg i krig, medan konkurrentar som var med i krigane, blei haldne utanfor. Dei norske skipa utnytta dette ved å ta på seg fraktoppdrag for varer frå dei krigførande landa.

Til å frakte varer til andre delar av Danmark-Noreg brukte ein gjerne mindre skip. Reisa til Danmark var kort, og skipa kunne ta fleire turar i løpet av ein sesong. Austlandet og Sørlandet hadde mykje kontakt med Danmark, medan Bergen og Trondheim hadde mindre direkte kontakt. Frå Bergen gjekk fleire skip til og frå Island. Mellom Noreg og dei dansk-norske koloniane i Karibia gjekk det få skip, men dei som gjekk, ser ofte ut til å ha starta i Arendal.

Langs kysten gjekk det òg mindre båtar som sytte for vareutveksling og leveringar mellom dei norske hamnene. Denne innanriksfrakta var viktig for å fordele varer frå Danmark og utlandet vidare i Noreg.

Relatert innhald

Dei fleste norske hamner handla i all hovudsak med andre delar av landet og ofte med hamner som låg i nærleiken.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 04.10.2017

Læringsressursar

Handel og økonomiske system