Hopp til innhald

Fagstoff

Handel med utlandet

For Noreg var dei viktigaste utanlandske handelspartnarane på 1700-talet England, Frankrike, Nederland, landa rundt Austersjøen og Russland. Dette var viktige eksportmarknader, men også område der mange av importvarene stamma frå.
Hamna i Riga på 1700-talet. Skip i hamna. Menneske og tønner i framgrunnen. Bygningar, inkludert fleire kyrkjer, i bakgrunnen. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei britiske øyane

Til England, Skottland og Irland eksporterte Noreg i all hovudsak tømmer. Det var særleg Austlandet som stod for dette, og alle hamnene frå Halden til Stavanger var involverte. Også Trondheim eksporterte tømmer, først og fremst til Irland. I England var den industrielle revolusjonen i startfasen, og stadig fleire folk flytta inn til byane. Derfor var det ein stadig veksande etterspurnad etter tømmer til hus og møblar, infrastruktur som hamner, reisverk til fabrikkar og kolgruver, og kassar til å transportere varene i. Det norske tømmeret hadde faktisk om lag 80 % av den sivile britiske tømmermarknaden.

Norsk tømmer

Etterspurnaden etter norsk tømmer var så stor at kystområda snart var uthogde, og ein måtte gjennom 1700-talet hente tømmeret frå stadig lenger inn i landet. Slik vart ikkje berre kyststroka, men også innlandet, inkludert i den internasjonale tømmerhandelen. Tømmeret vart hogd på vinteren og slept med hest fram til nærmaste elv. Når isen gjekk om våren, vart det så fløytt ned til nærmaste handelsstad. Sjølv om tømmeret ofte hadde vakse i skogen til bonden og vart selt av han, var det berre kjøpmenn med eigne privilegium på å selje tømmer til utlandet som stod for sjølve eksporten.

Tilbake frå England kom skipa ofte nesten tomme. Engelskmennene klaga i samtida på at dei hadde vanskar med å få selt varene sine til Danmark-Noreg og andre land i Norden og Austersjø-området. Mykje av grunnen, meinte engelskmennene, var at folket var for fattige til å kjøpe dei engelske varene. Samstundes ser vi frå toll-listene at det vart importert og innført stadig meir varer til Noreg. Det var då særleg frå dei nordtyske områda av Austersjøen, men også Danmark. Det indikerer at ein i Noreg hadde råd til å importere ulike varer, men at ein heller kjøpte dei andre stader enn i England. Auken i importen viser også at ein i løpet av 1700-talet fekk gradvis meir pengar å rutte med.

Austersjølanda

Ein mann haustar korn for hand. Tresnitt frå om lag 1800.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Austersjølanda var ein viktig kornleverandør for nordafjelske Noreg, dvs. nord for Åna-Sira. Denne delen av Noreg var ikkje omfatta av det omtalte kornmonopolet, og kjøpmenn med rett til å handle med utlandet kunne derfor fritt kjøpe korn på den internasjonale marknaden. Frå dei nordtyske områda av Austersjøen kom også mange av ferdigvarene, eller forbruksvarene, slik som fuglebur, tekstilar og ferdigsydde klede, metallbestikk og fargestoff. Somme av desse var produserte i dei tyske statane, men ein del hadde også opphavet sitt andre stader, mellom dei England. Dei nordtyske hamnene hadde berre fungert som omlastingssentrum. I retur fekk austersjølanda først og fremst norske fiskevarer som klippfisk og tørrfisk.

Baltikum og Nord-Tyskland leverte korn også til sønnafjelske Noreg når Danmark ikkje var i stand til det, og kongen hadde gitt dispensasjon.

Handel med Nederland

Nederland, og då særleg Amsterdam, var ein viktig handelspartnar for Noreg gjennom heile 1600-talet, og også 1700-talet (sjå undervisningsopplegg 1). Frå Austlandet og Sørlandet vart det skipa ut tømmer, då særleg bjelkar som nederlendarane sjølve saga til stokkar som vart brukte til å byggje dike, hamner, hus og møblar i Nederland. Gjennom 1600-talet hadde Vestlandet også selt mykje tømmer til Nederland, men på 1700-talet var denne delen av kysten så avskoga at det ikkje lenger var mogleg. Fiskevarer hadde teke over i Bergen, medan ein frå Trondheim i tillegg til fisk også eksporterte koppar til nederlendarane. Fisken og kopparet vart delvis brukt i Nederland, men ein del vart også selt vidare.

Tilbake frå Nederland kom mange av dei same varene som frå dei nordtyske områda; ferdigvarer som klede, men også finare tekstilar og eksotiske matvarer. Til Sør- og Aust-Noreg kom det også mykje nederlandsk ost.

Utveksling av varer

Fiskevarer frå Bergen og Trondheim gjekk også direkte til Frankrike, Spania og Portugal. Rogna som gjekk frå Bergen, vart så brukt av franskmennene som agn i deira eige fiske. I retur kom vin, olje og eksotiske matvarer slik som mandlar, sitronar og appelsinar.

I nord var særleg handelen med Russland viktig. Denne handelen har fått namnet pomorhandelen. Han sytte for utveksling av varer mellom dei to landa. For Nord-Noreg var Russland ein viktig leverandør av både korn- og linvarer.

Hamna i Arkhangelsk i 1896. Båtar lasta med tønner i framgrunnen, større skip og ein del bygningar i bakgrunnen. Nokre menneske jobbar på ei bryggje i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 06.10.2017

Læringsressursar

Handel og økonomiske system