Handelsprivilegium - Historie (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Handelsprivilegium

Samfunnet på 1700-talet var prega av at grupper hadde privilegium. Dette var særrettar eller fordelar som kongen hadde gitt. Adelen hadde eigne privilegium, men like viktig var privilegium i form av næringspolitikk og for å styre kven som hadde rett til å drive handel.

Næringspolitikk

Privilegium vart også brukte som næringspolitikk. Store produksjonseiningar som gruver eller jarnverk fekk privilegium som gjorde at dei fekk lågare produksjonskostnader, t.d. fekk dei rett på fyringsved i eit området kalla «cirkumferens», rundt gruva eller verket. Små føretak, slik som skomakarar, bakarar eller andre handverk, var også regulerte. Lauga regulerte i utgangspunktet mange av desse næringane, men i løpet av 1700-talet hadde kongen teke til seg kontrollen. Det gjorde han anten ved å oppløyse lauga eller ved å krevje at alle, også laugsmedlemmer, skulle søkje styresmaktene om rett til å drive verksemd.

Handelsprivilegium

Handelen var også regulert av privilegium gjennom 1700-talet. I Noreg var det berre eit utval byar som hadde rett til å handle med utlandet. I 1660 var det åtte kjøpstader, men dette hadde vorte utvida til 23 i 1800 og 34 omkring 1850. Auken i talet på kjøpstader fortel at det også var ein sterk auke i handelen, særleg med utlandet, i denne perioden.

Kven som fekk handle, var også avgrensa av privilegium. Dei som hadde rett til å drive handel, måtte vere borgarar av ein kjøpstad. Nokre særgrupper fekk også rett til å drive småhandel, eller handverk i liten skala, for at dei skulle ha noko å livnære seg av. Dette var gjerne grupper som styresmaktene frykta at elles ville bli tiggarar og fattigfolk, og slik sett eit problem og ei utgift for staten. Pensjonerte eller skadde soldatar, og enkene deira, var ei typisk slik gruppe. Dei som handla ulovleg, vart kalla «bissekremmarar», og det var mange forsøk på å stoppe dei. Eksport av sagtømmer var også underlagd avgrensingar. Berre dei som eigde sagbruk og hadde fått eksportrettar av staten, fekk selje til utlandet.

Mot slutten av 1700-talet vart fleire av dei strenge, proteksjonistiske handelslovene fjerna. Handelen vart gradvis liberalisert, eller frigitt, fram mot 1850-talet.


Industri

I siste delen av 1700-talet gjorde staten fleire forsøk på å utvikle industri i Danmark-Noreg. Målet var å gjere landet minst mogleg avhengig av import. Som eit ledd i dette gav styresmaktene privilegium til dei som ville starte opp i eit utval næringar. Det kunne vere store føretak, slik som glasverk, som fekk einerett på sal i heile Noreg mot at dei produserte eit breitt utval glas. Det kunne også vere mindre føretak, som fekk einerett på sal i lokalområdet sitt i oppstarten dei første åra. Andre vart støtta ved at styresmaktene hjelpte med utdanning av nøkkelpersonell.

Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021