Hopp til innhald

Fagstoff

Frå bytehandel og sjølvforsyning til pengeøkonomi og eksport

Når vi skal ta for oss handel og ulike økonomiske system, vil du sjå at det er ulik utvikling i ulike delar av verda. Vi skal sjå nærare på forskjellane i ein utvikla økonomi i dei tidlege sivilisasjonane til sjølvforsyning og bytehandel i Noreg fram til mellomalderen.
Relieff frå egyptisk tempel. Ei rekkje menn går med stavar og greiner i hendene. Dei er kledde i lendeklede og har såkalla nubiske parykkar på hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktigheita av handel

Handel mellom menneske har hatt stor betydning opp gjennom historia. Ikkje berre har det betydd noko økonomisk, men det handlar òg om sosial og politisk utvikling.

Dei tidlege sivilisasjonane

I dei tidlege sivilisasjonane som Mesopotamia og Egypt og etter kvart Kina utvikla det seg avanserte samfunn allereie for meir enn 5 000 år sidan. I desse samfunna dreiv dei først med jordbruk, men når dei fekk eit jordbruksoverskot, altså at dei hadde meir enn dei trong, kunne fleire spesialisere seg innan andre yrkesgrupper. I denne perioden fekk ein mellom anna pottemakarar, andre handverkarar og handelsmenn. Dette gav igjen grunnlaget for ein pengeøkonomi.

Europa

Vi veit at handel i ei eller anna form har gått føre seg i europeiske område i lang tid. Mellom anna dominerte grekarane handel i middelhavsområdet i meir enn 500 år, fram til cirka 600 f.Kr. Vi veit òg at det har vore handel i områda ved Austersjøen og Russland.

Hamna i Hamburg i mellomalderen. Fleire seglskip og robåtar. Bygningar og kyrkjespir i bakgrunnen. På ei strand i framgrunnen er det aktivitet med menneske som både lossar og ser ut til å forhandle. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den store handelskapitalismen kom først med mellomalderen, og i høgmellomalderen var det stor vekst i både byar, bynæringar og handel. Etter kvart flytta denne handelen seg til oversjøiske område med handelskoloniar.

Noreg

Det norske samfunnet var i all hovudsak tufta på sjølvforsyning fram til mellomalderen. Sjølvforsyning handla om å sanke eller produsere det du sjølv trong av mat og utstyr. Tidlegare skaffa ein mat gjennom jakt, fiske og sanking, så det vart ein overgang til eit jordbrukssamfunn med husdyrhald. I mellomalderen var det slik at ein vart nøydd til å produsere meir enn det ein sjølv brukte, fordi det skulle betalast avgifter til kyrkje og kongemakt.

Utover i mellomalderen utvikla det seg handelsnettverk slik at ein kunne utveksle varer til dømes mellom dei austlege og vestlege delane av landet. Då kunne folk få bytt til seg det dei sjølv ikkje hadde moglegheita til å dyrke eller vinne ut av naturen der dei budde.

Frå 1500-talet starta det ei større utvinning av naturressursane i Noreg, og det vart fleire arbeidarar på ulike verk og gruver, mellom anna koparverk og jernverk. Dermed vart det etter kvart ein eksport i stor skala som skaffa pengar til import, men òg til lønningar og ein auka pengeøkonomi her i landet. Vi kallar den økonomiske tankeretninga i denne perioden for merkantilisme.

Merkantilisme dominerte både norsk-dansk og europeisk handel på 1500- og 1700-talet, og det handla om at ein skulle importere minst mogleg og eksportere mest mogleg. Det ville føre til eit stort handelsoverskot og dermed ei sterk statsmakt. Nokre av verkemidla her var at selskap fekk privilegium og monopol. Dette spesielle vernet gjorde det enklare for dei å produsere eller vinne ut det dei var sterke på. Dette gjaldt mellom anna koparverket på Røros.

Handelen og marknadsøkonomien vaks med byane. I ein marknadsøkonomi er det marknaden og den frie konkurransen som bestemmer prisane. I den større samanhengen var det marknadsøkonomien som tok over for merkantilismen på 1800-talet.

Trass i byvekst og pengeøkonomi var Noreg i stor grad framleis eit bondesamfunn til slutten av 1800-talet. Bøndene ønskte i all hovudsak å vere sjølvforsynte og dreiv gjerne såkalla mangesysleri, som vil seie at dei både dyrka mark, fiska og kanskje hadde skog i tillegg. I 1875 budde framleis 76 prosent av befolkninga utanfor byar og andre tettstader.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske system