Hopp til innhald

Fagstoff

Handel på 1700-talet

Sjølv om næringsutvikling, eksport og større bysamfunn kom frå 1500-talet av, var det først på 1700-talet at handelen gjorde seg gjeldande i stor grad.

Auken i handel

Utnytting av naturressursar, utviklinga av ulike handverksfag og byutvikling er saman om å påverke den auka handelen frå 1500-talet av. Dette aukar stadig, og på 1700-talet har handelen vorte sentral både internt i landet, men òg med utlandet. Eksporten av varer frå Noreg aukar sterkt i denne perioden, og det gjer òg importen. Med dei europeiske koloniane og handelen med andre verdsdelar kjem det òg eksotiske varer til Noreg.

Aktuelle ressursar om handelen på 1700-talet

Oversiktsartikkelen Handelstilhøva på 1700-talet (NDLA) er ein fin introduksjon til perioden.

NDLA: Handel i Noreg

NDLA: Handel med andre delar av det dansk-norske riket

NDLA: Handel med utlandet

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske system