Hopp til innhald

Fagstoff

Handelskompani

Oversjøiske handelsekspedisjonar var farefulle, og den økonomiske risikoen var stor. Etter kvart vart det utvikla ein ny måte å organisere finansieringa av desse reisene på: Ein byrja å selje andelar i ekspedisjonane.
Nederlandsk handelskontor i Bengal. Store bygningar og dyrka område og hagar innanfor murar, det nederlandske flagget er heist. Utanfor murane ser ein nokre telt, mindre bygg og mange menneske. Nokon leier hestar, og andre rir på elefantar. Skip på ei elv i bakgrunnen og palmar i det fjerne. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Farefullt og dyrt

Årsaka til at dei store handelsekspedisjonane var dyre, var at utgifter for skip, mannskap og last måtte dekkjast. Ferda var lang og farefull, og det tok ofte fleire år før skipa, om dei i det heile returnerte, kom i hamn med varer som kunne dekkje utlegga.

Spreiing av risiko ved reiser

For å spreie risikoen, men framleis sikre at det kom inn nok pengar for å finansiere reisa, vart det utvikla ein ny måte å organisere finansieringa på. Der det tidlegare hadde vore éin stor investor, ofte staten, selde ein no andelar i ekspedisjonen til privatpersonar.

Slik fekk ein inn mange små summar som til saman dekte kostnadene. Dei som eigde andelar, fekk ein tilsvarande andel av overskotet når (og dersom) ekspedisjonen kom tilbake. Kom det ingen skip tilbake, var tapet i det minste vorte fordelt på mange.

Det nederlandsk-ostindiske handelskompani

Logo for Det nederlandsk-ostindiske handelskompani. Bokstavane VOC, etter det nederlandske namnet, forma i kvarandre. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det var nederlendarane som var først ute med den nye organiseringa. For å skaffe pengar til å finansiere handelsekspedisjonar til Asia, vart det i 1602 seld andelar i Det nederlandsk-ostindiske handelskompani (Vereenigde Oostindische Compagnie – VOC).

Etter kvart som handelskompani vart etablerte òg i andre land, vart dei organiserte etter det same mønsteret. Danmark-Noreg, Sverige, Frankrike, Portugal, England og fleire andre starta å drive verksemd på denne måten.

Det same gjaldt òg andre føretak som kravde store investeringar for å bli realiserte. Handel i desse andelane utvikla seg òg. I dag kjenner vi denne måten å organisere investeringar på som aksjeselskap og stadene der andelane blir handla med som børs.

Handel med Austen

Formålet med verksemda til dei europeiske kompania var å drive import av varer til Europa. Det var særleg krydder, finare stoff og etter kvart te som var etterspurt i Europa. Problemet var at dei asiatiske handelsmennene ikkje var særleg interesserte i europeiske varer. Dette vart eit problem for dei europeiske kompania, og dei fann ut at dette kunne løysast på tre måtar.

For det første kunne ein betale med edelmetall eller nokre europeiske varer som var interessante for asiatane. Edelmetallet stamma i stor grad frå koloniane til spanjolane i Mellom- og Sør-Amerika. For det andre kunne kompania betale for varene med overskotet dei fekk frå handel dei dreiv mellom dei asiatiske landa. Den siste løysinga var å låne pengar på den indiske marknaden. Dette siste vart ei stor byrde for kompaniet til danskane, og det medførte større utgifter enn inntekter. Resultatet av handelen var at mykje av det sølvet og gullet som spanjolane frakta heim til Europa frå Amerika etter kvart hamna på asiatiske hender.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison og Hans Nissen. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske system