Hopp til innhald

Fagstoff

Handel med andre delar av det dansk-norske riket

Danmark-Noreg førte ein heilstatspolitikk, dvs. at staten såg alle delane av riket som ein heilskap som saman skulle støtte kvarandre. I handelen og produksjonen ville det seie at kvar del skulle produsere kva dei hadde naturlege fortrinn for, og så byte desse med andre delar av riket.
Larvik sett frå sjøsida i 1785. Seks større seilskuter i framgrunnen og bygningar i bakgrunnen. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette var mellom anna tanken bak korn- og jarnmonopola. Danmark hadde betre føresetnader for korndyrking, medan Noreg hadde jarn. Handel mellom delane i riket var også verna ved at denne ikkje var pålagd toll, slik handel med utlandet var.

Tettast kontakt frå Aust- og Sørlandet

Kiel by og hamn. Landlege omgivnader i framgrunnen med trær, buskar og kyr og dessutan nokre menneske som går tur. Hamna og bygningar i bakgrunnen. Trykk i svart-kvitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelen med Danmark var særleg tett på Aust- og Sørlandet. Desse områda handla også mykje med hertugdømma Slesvig og Holstein. Avstanden til desse delane av riket var kort, så det å reise fram og tilbake i dei varme månadene i året var enkelt. At kornmonopolet påla Sør-Noreg å kjøpe kornet sitt frå Danmark eller hertugdømma, motiverte også mykje av denne handelen. For Vestlandet og lenger nordover, der ein fritt kunne kjøpe korn på den internasjonale marknaden, og der reisevegen til brorlandet og hertugdømma var mykje lengre, var kontakten også langt mindre.

Island

Dei ulike norske regionane handla likevel ikkje berre med Danmark. Kontakten mellom Bergen og Island var jamn. Bergen fungerte som ei omlastingshamn for islendingane; viktige varer som korn og tobakk vart førte via Bergen til Island, og islandsk fisk kom via Bergen til Europa.

Kontakt med dansk-norske koloniar

Fleire norske hamner hadde også noko direkte kontakt med dei dansk-norske koloniane i Vestindia (dvs. Karibia). Det var først og fremst hamner som hadde eigne sukkerraffineri, slik som Trondheim, Halden og Bergen. Desse hamnene fekk direkteforsyningar av råsukker. Arendal var også involvert i handelen på desse øyane. Det meste av handelen til Danmark-Noreg med sukkerøyane, gjekk likevel via København.

Ein lang, rett grusveg med palmar på begge sider. I framgrunnen på vegen ser vi nokre menn til hest, ei vogn som er lasta med tønner og trekt av storfe, ei kvinne og eit lite barn. I bakgrunnen er det fleire vogner og menneske på vegen. Litografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingen av dei norske hamnene hadde direktekontakt med Asia. Alle varer som skulle mellom Noreg og Asia, kom via København. For Bergen og Trondheim sin del kom også nokre asiatiske varer via andre utanlandske hamner.

Relatert innhald

Det var særleg gjennom 1700-talet at handel byrja å knyte land og regionar tettare saman. Med auka kontakt over grenser vart marknadene større.

Sjøfarten var viktig fordi han frakta varene frå produsentane til marknader både i inn- og utland.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 06.10.2017

Læringsressursar

Handel og økonomiske system