Hopp til innhald

Fagstoff

Akerendam-forliset ved Runde i 1725

Den 8. mars 1725 forliser skipet Akerendam utanfor Runde på Sunnmøre. Skipet var på veg frå Nederland med kurs for Batavia (Jakarta i Indonesia). Om bord i skipet var handelsvarer og pengar som skulle brukast til å kjøpe krydder og andre verdifulle varer i det austlege Asia for.
Fleire store seilskuter med nederlandsk flagg på havet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skipet var eigd av nederlandske VOC Vereenigde Oostindische Compagnie (Det nederlandsk-ostindiske handelskompani). Ein reknar at det var 200 menneske om bord, det vart ikkje funne nokre overlevande.

Handel og sjøfart i Nederland

På 1600- og utover på 1700-talet var Nederland leiande innan handel, sjøfart, bank- og militærvesen. Nederland var også det fremste vitskapelege senteret i Europa. I motsetnad til i dei fleste landa i Europa var det religionsfridom i Nederland.

Det nederlandsk-ostindiske handelskompani

Dette var også ein god arbeidsmarknad og førte til at mange menneske med ulik bakgrunn vart lokka til nederland. Det Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC) var verdas første aksjeselskap. Kompaniet kan samanliknast med dei multinasjonale selskapa vi har i dag. Dei hadde den største flåten i verda og ein eigen hær som skulle passe på interessene til selskapet. Eit skip som gjekk ut frå øya Texel i Nederland med kurs for Batavia (Jakarta) i Indonesia, kunne ha enorme rikdommar om bord. Rekna om til dagens pengeverdi kunne eit skip ha verdiar som svarte til det norske statsbudsjettet den gongen. Dette førte til at VOC var avhengige av å forsikre last og skip, noko dei kunne gjere i Nederland som var leiande innan forsikring.

Skipa som gjekk til Austen, frakta varer og pengar som skulle brukast til å lønne funksjonærar, matrosar og soldatar som var tilslutta kompaniet på dei ulike stasjonane i Dei austindiske øyene (Ostindia). Ein del av lasta var vareprøver som vart kopierte og produserte før dei vart frakta tilbake til den europeiske marknaden. Om bord i skipa som gjekk tilbake, var også luksusvarer som krydder, bomull og fine stoff.

Akerendam

Om bord på Akerendam reknar ein med at det var rundt 200 personar. Mannskapet utgjorde ein tredel av desse. Dei andre skulle til Ostindia i teneste for kompaniet, hovudsakleg som soldatar. Vanleg tenestetid for matrosar og soldatar i kompaniet var tre til fem år. Berre ein tredel av dei som reiste ut, overlevde tenestetida si. Dei fleste av dei som døydde, døydde av sjukdom.

Skipa frå VOC gjekk ut frå Texel tidleg på året. Dette var for å komme rundt Kapp Horn (sørspissen av Afrika), slik at dei rakk å komme inn i monsunvindane som førte skipa over Det indiske havet. Utover på 1700-talet gjekk skipa til Austen også til andre tider på året. To andre skip følgde Akerendam på ferda mot Austen. Skipa valde å segle rundt Skottland på reisa til Batavia. Dette var truleg for å komme inn i dei sørlege vindane i Atlanteren. Det raste ein storm i Nordsjøen då dei gjekk oppover langs kystane av England og Skottland. Akerendam må ha komme ut av kurs og mista kontakten med dei andre skipa.

Forlis

Skipet forliste utanfor Runde på Sunnmøre. Ingen var vitne til ulykka. Dei som budde på Runde, fann vrakrestar i fjøra om morgonen den 8. mars 1725. Ikkje langt unna skulle det samtidig vere vårting, og amtmann Erik Must fekk difor raskt melding om forliset. Det vart organisert bergingsarbeid, og ein offentleg auksjon vart halden berre nokre veker etter forliset. Det som vart auksjonert bort, var ting som jarnband, seglduk og nokre tønner fransk vin.

Konsulen til VOC i Bergen, Niels Sandessen Weinwech, fekk også melding om forliset. Ein konsul er ein person som skal representere interessene til innbyggjarane og interessene til framande land. Hjelpesmannen hans på staden vart lensmann Ole Olsen Hoxholmen Wiig frå Ørsta. På jomfru Marias bodskapsdag (25. mars) vitja Wiig staden for forliset. I justisprotokoll frå 12. desember 1725 kan vi lese kva han såg:

... Ole Olsen Hoxholmen fortalde retten at han på Maria Bodskapsdag førre året, då det var godt vêr, ettersåg området der omkring og fann at det på førnemnde stad og grunner, låg ved Bonden ein stor del nakne og daude menneske som alle var slegne sund, han såg også ein stor del gods same stad på same grunn ...

Funn frå forliset

Klipp frå Arbeider-avisa om Rundefunnet, 1972.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utover våren og sommaren vart det funne ulike varer og vrakrestar frå djupet og frå strendene. Pengekistene var av størst interesse, og konsulen i Bergen var raskt ute med å krevje retten til verdiane som vart berga. Det vart berga fem kister med gull og sølvmyntar, to av desse vart sende til konsul Weinwech i Bergen før dei vart registrerte av amtmannen sine menn. Han som organiserte arbeidet utover våren og sommaren, var Ole Olsen Hoxholmen Wiig.

Justisprotokollen fortel detaljane

Handskriven side frå justisprotokollen. Kjelde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Takk vere justisprotokollen, som er lagra ved Statsarkivet i Trondheim, finst det ei detaljert oversikt av kva som vart berga, og korleis bergingsarbeidet gjekk føre seg. Ifølgje lovene den gongen vart det halde sjøforklaring den 12. desember 1725 ved Sunnmøre sorenskriveri. Sorenskriveriet var den domstolen som avgjorde lokale saker. Sorenskrivarkontora eksisterer framleis.

Dei 200 døde etter forliset er tildelt liten plass i justisprotokollen. Alle døde etter forliset vart funne nakne. Dette er underleg, då ein kan rekne med at mannskapet på Akerendam var godt kledde for ein vinterstorm i Nordsjøen. Vrakrestane etter Akerendam låg inntil kysten av Runde på mellom 10 og 18 meters djupn.

Det er gitt att nøyaktige lister over kva som vart funne og gjort klart for fortolling. I tillegg til ulike typar metall førte skipet også større parti med manufakturvarer, både fløyel og andre finare stoff. Dette var varer som skulle brukast som vareprøver i Austen. Stoffa vart kopierte og produserte i større kvanta i Austen og frakta til den europeiske marknaden. Vrakbergarane fiska også opp store mengder metallar; messing, koppar og jarn.

Bergingsarbeid

Bergingsarbeidet ved Runde fann stad utover sommaren, men dette kolliderte med onnearbeidet, og bøndene måtte prioritere gardsdrifta. Konsulen i Bergen var utolmodig med å få berginga utførd, og det vart leigd inn folk frå Nordmøre. Desse fekk dagløn. Bøndene fekk også tilbod om daglønn, ho var dobbelt så høg som «strandforordningen» sette som vanleg arbeidslønn. Dei lokale bøndene fekk dessutan bergingslønn for enkeltfunn, noko som svarte til ein viss prosent av verdien på dei berga varene. Ein kan rekne med at mange tente gode pengar på forliset.

Berginga heldt på utover hausten, men då vinterstormane sette inn, vart det vanskeleg å halde fram med arbeidet. Folk på Runde heldt fram med å finne einskilde myntar i bergsprekkar og i fjøra. Etter kvart gjekk forliset i gløymeboka. Myntfunna vart knytte til ei segn om eit skip frå den spanske armada som søkk utanfor Runde på 1500-talet.

Relatert innhald

Sjå ein undervisningsfilm om Akerendam-forliset utanfor Sunnmøre. Filmen handlar òg om bakgrunnen for forliset.

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Handel og økonomiske system