Hopp til innhald

Oppgåve

Utforsk handelsruter

I denne oppgåva skal du utforske ei handelsrute. Du skal undersøkje bakgrunnen for og verknaden av denne handelsruta.

Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard med sverd og skjold. Ein byport med soldatar til venstre. Tre og høge murar i bakgrunnen. Illustrasjon.

Denne illustrasjonen frå Heimskringla (1899-utgåva) viser Kong Sigurd Jorsalfar og mennene hans ri inn i Miklagard, som var det vikingane kalla det som i dag Istanbul.

Oppgåve

Jobb saman i små grupper, og vel ei av dei følgjande handelsrutene som de ønskjer å vite meir om:

  • handelsruta vestover i vikingtida

  • handelsruta austover i vikingtida

  • Silkevegen

  • trekanthandelen

  • sjøvegen til Asia

Utforsk så korleis handelen langs den valde ruta gjekk føre seg.

De bør ha med dei følgjande punkta:

  • Kva var bakgrunnen for handelen langs denne ruta?

  • Kven handla med kven langs ruta?

  • Korleis gjekk handelen føre seg? Korleis vart varene frakta?

  • Kven hadde makt i handelsforholda? Kven fekk fordelar av denne handelen?

  • Korleis påverka handelen menneska sine liv?

Lag så ein liten presentasjon om det de har funne ut.

Sist faglig oppdatert 14.05.2021
Skrive av Inga Berntsen Rudi

Læringsressursar

Handel og økonomiske system

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar