Hopp til innhald

Fagstoff

Banan

Bananen kjem opphavleg frå det tropiske Søraust-Asia og er ein av dei eldste kulturplantane våre. Portugisiske sjøfararar tok med seg bananen til Kanariøyane, og spanjolane førte han med seg vidare til Mellom-Amerika.
Mogne gule bananar og umogne grøne bananar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bananen blir i dag dyrka i det tropiske beltet langs ekvator i både Amerika, Asia og Afrika. Han er ei av dei viktigaste varene i verdshandelen med frukt. Noreg har importert banan sidan 1905.

Variantar

Det finst to hovudukategoriar av banan: vanleg fruktbanan og kokebanan. Under desse to hovudkategoriane finst det mange ulike typar banan. Bananane blir hausta umogne og skipa i spesialskip til Europa. Deretter blir bananane mogna fram i eigne bananmogneri før dei blir sende på marknaden.

Bruksområde

Banan blir i hovudsak eten , som mellommåltid eller dessert. Han kan òg nyttast som pålegg, i fruktsalatar, til kakefyll, som babymat og steikt som tilbehøyr til middagsretter. Banan smakar spesielt godt i kombinasjon med sjokolade, som til dømes i banansplitt.

Næringsinnhald

Banan inneheld meir karbohydrat enn dei fleste andre fruktslag og er dermed veleigna for å gi eit energitilskot. Bananen er derfor ideell å ete før og etter fysisk aktivitet, sidan kroppen raskt tek til seg næringa. Han inneheld mykje fiber, som har ein stabiliserande verknad på fordøyinga. Bananen inneheld også A-, B- og E-vitamin i tillegg til minerala fosfor, kalium, jern og sink.

Frukt og bær i ein blender. Foto.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Bananen blir mogna fram her i landet og kan ha ulik mogningsgrad etter ønske frå kundane. Bananen skal vere heil, og utan sprekkar, mørke flekker eller andre skadar i skalet. Mogningsgraden i kartongen bør vere nokolunde jamn.

Lagring

12–14 °C. Kor haldbar bananen er, kjem an på kvar i mogningsprosessen han er. Bananen må ikkje plasserast på kjølerom. Då blir han grå og misser smaken.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Blautfrukter